Serbia i Eurovision Song Contest
Serbia debuterte i Eurovision Song Contest i 2007 og har delteke fjorten gongar. Serbia deltok tidlegare som ein del av Jugoslavia, sidan som ein del av Serbia og Montenegro, og frå 2007 som ein sjølvstendig nasjon. Serbia vann tevlinga på sitt aller fyrste forsøk som eigen nasjon; ingen andre land har klart å vinne Eurovision Song Contest på fyrste forsøk. Serbia har aldri kommet sist, men har tre gongar ikkje kvalifisert seg til finalen.[1]
| |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
|
|||||
Uttakingar | |||||
Nasjonalt | 10 | ||||
Internt | 4 | ||||
Deltaking | |||||
Debutår | 2007 | ||||
Deltakingar | 14 | ||||
Beste resultat | |||||
Semifinalen | 1 (2007) | ||||
Finalen | 1 (2007) | ||||
Verste resultat | |||||
Semifinalen | 11 (2013 og 2017) | ||||
Finalen | 19 (2018) | ||||
Poeng | |||||
Semifinalane | 1 609 | ||||
Finalane | 1 583 | ||||
Totalt | 3 192 |
HistorikkEndra
Serbia var tidlegare ein del av Jugoslavia, som deltok i Eurovision Song Contest frå 1961 til 1992. I 1991 lausreiv Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og dåverande Makedonia seg frå landet, og Serbia og Montenegro var i praksis dei einaste som deltok som Jugoslavia i Eurovision Song Contest i 1992. Åra etter og fram til 2003, fekk ikkje landet deltake i Eurovision Song Contest. Utestenginga var ein del av dei mange SN-sanksjonane mot nasjonen, på grunn av jugoslaviakrigane og den kroatiske sjølvstendekrigen.[2][3]
- Hovudartikkelen for dette emnet er Jugoslavia i Eurovision Song Contest.
Føderasjonen Serbia og Montenegro søkte om å få deltake i Eurovision Song Contest igjen i 2003, men Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) avslo søknaden og begrunna det med at for mange land ville bli ståande utafor finalen om ein slapp inn fleire nye land.[4] I 2004 innførte EBU semifinale i Eurovision Song Contest, og dimed fekk Serbia og Montenegro deltake for fyrste gong. I 2006 vart føderasjonen Serbia og Montenegro oppløyst etter ein montenegrinsk folkeavrøysting om lausrivelse. Montenegro erklærte sin sjølvstende i juni 2006, og den tidlegare føderasjonen vart delt opp i to sjølvstendige nasjonar: Montenegro og Serbia.[5] Begge landa debuterte som sjølvstendige land i Eurovision Song Contest 2007.
- Hovudartikkelen for dette emnet er Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest.
Vann i debutenEndra
I 2007 debuterte Serbia som ein sjølvstendig nasjon, og balladen til Marija Šerifović, «Molitva», vann tevlinga etter å ha fått 268 poeng. Serbia vart med det det fyrste landet til å vinner Eurovision Song Contest på fyrste forsøk, sidan Sveits vann den aller fyrste utgåva av tevlinga i 1956. Som fylgje av sigeren til Šerifović vart Eurovision Song Contest 2008 arrangert i hovudstaden til Serbia, Beograd. Som arrangør var Serbia direktekvalifisert til finalen, og det serbiske bidraget, Jelena Tomašević og sangen «Oro», enda til slutt på ein sjetteplass.
I 2009 kvalifiserte ikkje Serbia seg til finalen, og to middels plasseringar fulgte i 2010 og 2011. I Baku i 2012 var landets berømte songar og komponist, Željko Joksimović, tilbake og sikra Serbia ein tredjeplass i finalen. Den førebels dårlegaste plasseringa til Serbia kom året etter då Moje 3 og songen «Ljubav je svuda» berre vart nummer 11 i sin semifinale. Dette var andre gongen Serbia ikkje kvalifiserte seg. Fire år seinare, i 2017, vart rekorden tangert, då Tijana Bogićević og songen «In Too Deep» også kom på ellevteplass i sin semifinale.
I 2009 kvalifiserte ikke Serbia seg til finalen, og to middels plasseringer fulgte i 2010 og 2011. I Baku i 2012 var landets berømte sanger og komponist, Željko Joksimović, tilbake og sikret Serbia en tredjeplass i finalen. Landets foreløpig dårligste plassering kom året etter da Moje 3s «Ljubav je svuda» bare ble nummer 11 i den første semifinalen. Dette var andre gang Serbia ikkje kvalifiserte seg til finalen.
Etter den serbiske debuten i 2007, har Serbia kun stått utanfor tevlinga éin gong. Hausten 2013 annonserte den serbiske kringkastaren Radio-televizija Srbije (RTS) at landet ikkje kom til å deltake i tevlinga i 2014. Årsaka var den anstrengte økonomiske situasjonen til tv-kanalen og mangel på sponsorar.[6] Men Serbia sendte alle tre showa og kom tilbake til Eurovision Song Contest igjen i 2015.[7]
Bidrag i Eurovision Song ContestEndra
År | Artist | Song | Språk | Finalen | Semifinalen | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Poeng | Plass | Poeng | Plass | ||||
2007 | Marija Šerifović | «Molitva» | Serbisk | 268 | 1 | 298 | 1 |
2008 | Jelena Tomašević med Bora Dugić | «Oro» | Serbisk | 160 | 6 | Direktekvalifisert | |
2009 | Marko Kon og Milaan | «Cipela» | Serbisk | Ikkje kvalifisert | 60 | 10 | |
2010 | Milan Stanković | «Ovo je Balkan» | Serbisk | 72 | 13 | 79 | 5 |
2011 | Nina | «Čaroban» | Serbisk | 85 | 14 | 67 | 8 |
2012 | Željko Joksimović | «Nije ljubav stvar» | Serbisk | 214 | 3 | 159 | 2 |
2013 | Moje 3 | «Ljubav je svuda» | Serbisk | Ikkje kvalifisert | 46 | 11 | |
2014 | Deltok ikkje | ||||||
2015 | Bojana Stamenov | «Beauty Never Lies» | Engelsk | 53 | 10 | 63 | 9 |
2016 | Sanja Vučić ZAA | «Goodbye (Shelter)» | Engelsk | 115 | 18 | 105 | 10 |
2017 | Tijana Bogićević | «In Too Deep» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 98 | 11 | |
2018 | Sanja Ilić og Balkanika | «Nova Deca» | Serbisk | 113 | 19 | 117 | 9 |
2019 | Nevena Božović | «Kruna» | Serbisk | 89 | 18 | 156 | 7 |
2020 | Hurricane | «Hasta la vista» | Serbisk | Tevling avlyst | |||
2021 | Hurricane | «Loco Loco» | Serbisk | 102 | 15 | 124 | 8 |
2022 | Konstrakta | «In corpore sano» | Serbisk og latin | 312 | 5 | 237 | 3 |
RøystehistorikkEndra
Finalane (2007–2022)Endra
|
|
Semifinalane (2007–2019)Endra
|
|
GalleriEndra
VertskapEndra
År | Stad | Arena | Programleiarar |
---|---|---|---|
2008 | Beograd | Beogradska Arena | Jovana Janković og Željko Joksimović |
Sjå ògEndra
ReferansarEndra
- ↑ «Serbia – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 25. desember 2016.
- ↑ FNs sikkerhetsråd (30. mai 1992). «Security Council resolution 757 (1992) [Bosnia and Herzegovina]». FNs høykommissær for flyktninger/FN. Henta 3. desember 2017.
- ↑ Agence France Presse (9. oktober 2000). «List of International Sanctions Against Serbia». Global Policy Forum. Henta 3. desember 2016.
- ↑ Sietse Bakker (27. november 2002). «No new countries at next Eurovision Song Contest». esctoday.com. Henta 4. desember 2016.
- ↑ «Member States». De forente nasjoner – FN. Henta 20. desember 2016.
- ↑ Juhász, Ervin (22. november 2013). «Serbia: RTS not going to Copenhagen». escXtra.com. Arkivert frå originalen 2013-11-25. Henta 23. november 2013. Arkivert 25. november 2013 på Wayback Machine.
- ↑ Jiandani, Sanjay (26. september 2014). «Serbia: RTS confirms participation- opts for a national final». esctoday.com. ESCToday. Henta 26. september 2014.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Serbia iEurovision Song Contest» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2021.