Luxembourg i Eurovision Song Contest

Luxembourg debuterte i Eurovision Song Contest i 1956 og har delteke 37 gongar. Med unntak av 1959 deltok Luxembourg kvart år fram til og med 1993, men har ikkje delteke sidan. Luxembourg har vunne Eurovision Song Contest fem gongar, berre Sverige og Irland har vunne fleire gongar. Luxembourg har kommet på sisteplass tre gongar i tevlinga.[1]

Luxembourg

Offisielt Luxembourg

CLT (1956—1990)
RTL (1991—1993)
Uttakingar
Nasjonalt 33
Internt 4
Deltaking
Debutår 1956
Deltakingar 37
Beste resultat
Finalen 1 (1961, 1965, 1972, 1973 og 1983)
Verste resultat
Finalen Sist (1958, 1960 og 1970)
Poeng
Finalane 1 423
Totalt 1 423

Historikk endre

Frå debuten var det den luxemburgske kringkastaren CLT som valde bidraga til Luxembourg til Eurovision Song Contest. Etterfylgjaren RTL Télé Lëtzebuerg tok over ansvaret i 1991.

Luxembourg var eitt av sju land som deltok i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956. Bidraga som representerte Luxembourg i den fyrste utgåva var songane «Ne crois pas» og «Les amants de minuit» av artisten Michèle Arnaud. Luxembourg fekk dispensasjon frå å sende to dommarar til Lugano, der finalen vart arrangert. I staden stemte dei sveitsiske dommarane på vegner av Luxembourg.[2]

Dei to neste åra endte med to sisteplassar, men i 1961 kom den fyrste sigeren til Luxembourg, med songen «Nous les amoureux» av Jean-Claude Pascal. Fire år seinare vann Luxembourg igjen, med «Poupée de cire, poupée de son» framført av France Gall. Frå 1968 til 1971 gjorde hertugdømmet det svakt i tevlinga, inkludert ein sisteplass med null poeng i 1970. I 1972 vann Luxembourg igjen, landets tredje siger i tevlinga, med «Après toi» framført av Vicky Leandros. Året etter, på heimebane, vann Luxembourg Eurovision Song Contest for andre år på rad og for fjerde gong, med «Tu te reconnaîtras», framført av Anne-Marie David. Luxembourg takka nei til å arrangere tevlinga i 1974 på grunn av den høge kostnaden, og den britiske kringkastaren BBC tok i staden på seg arrangørjobben.[3]

I 1983 kom den femte og siste sigeren til Luxembourg, då Corinne Hermès vann med «Si la vie est cadeau». Etter 1983 oppnådde Luxembourg berre to topp fem-plasseringar, og på 1990-talet var ein trettandeplass den beste plasseringa Luxembourg oppnådde. I 1994 var ikkje Luxembourg kvalifisert til Eurovision Song Contest etter å ha blitt nummer 20 året før. Luxembourg kom ikkje tilbake i 1995 og har ikkje delteke sidan.

Import av artistar endre

På grunn av storleiken til Luxembourg har kringkastaren vald bidraga til Luxembourg internt, og dei fleste artistane har vore utlendingar – for det meste franskmenn. Ingen av dei fem vinnarartistane var frå Luxembourg – fire av dei var franske, medan Vicky Leandros var gresk. Av alle artistane som har stått på scena for hertugdømet, har berre åtte av dei vore frå Luxembourg: Camillo Felgen, Chris Baldo, Monique Melsen, Sophie Carle, Franck Olivier, Sarah Bray, Marion Welter og gruppa Modern Times.

Dei aller fleste bidraga har vore framført på fransk, berre tre bidrag har vore framført heilt eller delvis på nasjonalspråket luxemburgsk.

Rykte om retur endre

Sidan 1993 har Luxembourg som eit av få vesteuropeiske land stått utanfor tevlinga. Ifølgje RTL Télé Lëtzebuerg er det økonomien og nyheitsprofilen til TV-kanalen som er hovudårsaka til at Luxembourg ikkje deltar i Eurovision Song Contest.[4][5]

RTL Télé Lëtzebuerg er framleis medlem av Den europeiske kringkastingsunionen og kan dimed deltake i Eurovision Song Contest, om landet ynskjer det.[6] Fleire gongar, blant anna i 2010 og 2015, har det gått rykte om at Luxembourg ville deltake igjen, men landet har framleis til gode å returnere til tevlinga.[7]

Bidraga endre

År Artist Song Språk Finalen
Poeng Plass
  1956 Michèle Arnaud «Ne crois pas» Fransk Ukjent Ukjent
«Les amants de minuit»
  1957 Danièle Dupré «Amours mortes (tant de peine)» Fransk 8 4
  1958 Solange Berry «Un grand amour» Fransk 1 9
  1960 Camillo Felgen «So laang we's du do bast» Luxemburgsk 1 13
  1961 Jean-Claude Pascal «Nous les amoureux» Fransk 31 1
  1962 Camillo Felgen «Petit bonhomme» Fransk 11 3
  1963 Nana Mouskouri «À force de prier» Fransk 13 8
  1964 Hugues Aufray «Dès que le printemps revient» Fransk 14 4
  1965 France Gall «Poupée de cire, poupée de son» Fransk 32 1
  1966 Michèle Torr «Ce soir je t'attendais» Fransk 7 10
  1967 Vicky Leandros «L'amour est bleu» Fransk 17 4
  1968 Chris Baldo og Sophie Garel «Nous vivrons d'amour» Fransk 5 11
  1969 Romuald «Catherine» Fransk 7 11
  1970 David Alexandre Winter «Je suis tombé du ciel» Fransk 0 12
  1971 Monique Melsen «Pomme, pomme, pomme» Fransk 70 13
  1972 Vicky Leandros «Après toi» Fransk 128 1
  1973 Anne-Marie David «Tu te reconnaîtras» Fransk 129 1
  1974 Ireen Sheer «Bye Bye I Love You» Fransk og engelsk 14 4
  1975 Geraldine «Toi» Fransk 84 5
  1976 Jürgen Marcus «Chansons pour ceux qui s'aiment» Fransk 17 14
  1977 Anne-Marie B. «Frère Jacques» Fransk 17 16
  1978 Baccara «Parlez-vous français?» Fransk 73 7
  1979 Jeane Manson «J'ai déjà vu ça dans tes yeux» Fransk 44 13
  1980 Sophie og Magaly «Papa Pingouin» Fransk 56 9
  1981 Jean-Claude Pascal «C'est peut-être pas l'Amérique» Fransk 41 11
  1982 Svetlana «Cours après le temps» Fransk 78 6
  1983 Corinne Hermès «Si la vie est cadeau» Fransk 142 1
  1984 Sophie Carle «100% d'amour» Fransk 39 10
  1985 Margo, Franck Olivier, Diane Solomon,
Ireen Sheer, Chris og Malcolm Roberts
«Children, Kinder, Enfants» Fransk 37 13
  1986 Sherisse Laurence «L'amour de ma vie» Fransk 117 3
  1987 Plastic Bertrand «Amour, Amour» Fransk 4 21
  1988 Lara Fabian «Croire» Fransk 90 4
  1989 Park Café «Monsieur» Fransk 8 20
  1990 Céline Carzo «Quand je te rêve» Fransk 38 13
  1991 Sarah Bray «Un baiser volé» Fransk 29 14
  1992 Marion Welter og Kontinent «Sou fräi» Luxemburgsk 10 21
  1993 Modern Times «Donne-moi une chance» Fransk og luxemburgsk 11 20

Røystehistorikk endre

Luxembourg har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Storbritannia 174
2   Frankrike 121
3   Irland 116
4   Sveits 106
5   Spania 91

Luxembourg har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Portugal 97
2   Irland 95
3   Frankrike 89
4   Storbritannia 87
5   Finland 83

Galleri endre

Eurovision Song Contest i Luxembourg endre

År Sted Arena Programleiar
1962   Luxembourg Villa Louvigny Mireille Delannoy
1966 Josiane Chen
1973 Théâtre Municipal Helga Guitton
1984 Nouveau Théâtre Luxembourg Désirée Nosbusch

Referansar endre

  1. «Luxembourg – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 2. desember 2016. 
  2. «Eurovision Song Contest 1956». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 2. desember 2016. 
  3. «Eurovision Song Contest 1974». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 2. desember 2016. 
  4. Sanjay (Sergio) Jiandani (22. august 2016). «Luxembourg: RTL will not return to Eurovision in 2017». esctoday.com. Henta 2. desember 2016. 
  5. Bertinchamps, Pierre (24. juni 2016). «Le Luxembourg de retour à l'Eurovision? (på fransk)». Télépro. Arkivert frå originalen 3. desember 2016. Henta 13. august 2020. 
  6. «EBU – Members». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 2. desember 2016. 
  7. Jarmo Siim (27. oktober 2014). «Luxembourg plans return to Eurovision?». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 2. desember 2016. 

Kjelder endre