Kotlas
Kotlas (russisk Котлас) er ein by sør i Arkhangelsk oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved samløpet av elvane Nordre Dvina og Vytsjegda.
Kotlas Котлас | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Arkhangelsk oblast | ||
Grunnlagd Bystatus |
1890 1917 | ||
Borgarmeister | Sergei Melentjev | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
68 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
59 225 871 /km² | ||
Koordinatar | 61°15′00″N 46°39′00″E / 61.25000°N 46.65000°E | ||
Høgd over havet | 80 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 165300–165313 | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)81837 | ||
Nettstad: www.kotlas-city.ru |
Byen har ein av dei største papirfabrikkane i Russland og er eit senter for tømmerindustri. I tillegg har han ei viktig elvehamn og er eit jernbaneknutepunkt.
Staden vart grunnlagd i 1890, men det har truleg vore busetnader i området lenge før den tid. Kotlas fekk bystatus i 1917.
Gulag
endreFrå 1930-talet var Kotlas ein stad for deportasjon av kulakar, som eit senter for skogsindustri. Det vart styrt av Kotlaslag-divisjonen av Gulag. Seinare tok byen imot alle moglege menneske som vart undertrykt og tvangsflytta under Stalin-tida. Det var ein særskild stor polsk folkesetnad i området, med heile polske landsbyar som vart tvangsflytta hit på 1920- og 1930-talet.
Arbeidsleirar eksisterte innanfor byområda fram til 1953. Forutan skogsarbeid og papirindustri arbeidde fangane med bygging av fabrikkar, bustader, bruer og jernbanar. Dei fleste leirane var brakkeleirar utan vakter.
I tillegg var Kotlas ein viktig transittstad for forviste som skulle fraktast lengre nord og aust, sidan byen hadde ein jernbaneterminal.
Bakgrunnsstoff
endre- Kotlas og GULAG Arkivert 2006-02-13 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kotlas» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2009.