Kovdozero (russisk Ковдозеро) er ein stor innsjø sør i Murmansk oblast, nordvest i Russland. Det er mange øyar i innsjøen. I 1955 vart det bygd eit vasskraftverk ved innsjøen og han vart omgjort til eit reservoar. Overflatearealet til Kovdozero steig frå 224–294 km² til 608 km². Det renn mange elvar ut i Kovdozero. Innsjøen vert nytta til fiske, vasstransport og tømmerfløyting.

Kovdozero
innsjø
Land  Russland
Innsjøtype Naturleg innsjø, reservoar
Areal 608 km²
Koordinatar 66°46′59″N 32°00′00″E / 66.783°N 32°E / 66.783; 32
Kart
Kovdozero
66°46′58″N 32°00′00″E / 66.782777777778°N 32°E / 66.782777777778; 32
Wikimedia Commons: Lake Kovdozero

Kjelder

endre