Kowloon
Kowloon (ˌkaʊˈluːn; tradisjonell kinesisk 九龍, kantonesisk Gáulùhng) er eit byområde i Hong Kong som omfattar Kowloon-halvøya og Ny-Kowloon. Det har kyst mot Lei Yue Mun-sundet i aust og grenser til bustadfeltet Mei Foo Sun Chuen og den tidlegare øya Stonecutter's Island i vest. I nord ligg ei fjellkjede som omfattar Tate's Cairn og Lion Rock, og i sør ligg Victoria Harbour med overfart til Hong Kong-øya. Kowloon har ein folkesetnad på rundt 2 millionar og ein folketettleik på 43 033/km2 (2006), og er det folkerikaste byområdet i Hong Kong. Halvøya har ein flatevidd på rundt 47 km².
Kowloon | |||
busetnad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 47 km² | ||
Folketal | 2 108 419 (2011) | ||
Folketettleik | 43 033 / km² | ||
Tidssone | Hong Kong Time (UTC+8) | ||
![]() Kowloon | |||
Wikimedia Commons: Kowloon | |||
OrdsogeEndra
Namnet «Kowloon» kjem frå omgrepet 'Ni drakar' som viser til åtte fjell og ein kinesisk keisar: Kowloon Peak, Tung Shan, Tate's Cairn, Temple Hill, Unicorn Ridge, Lion Rock, Beacon Hill, Crow's Nest og keisar Bing av Song.[1]
HistorieEndra
Den delen av Kowloon som ligg sør for Boundary Street blei saman med Stonecutters Island overgjeve av Qing-dynastiet til Storbritannia under Pekingkonvensjonen av 1860. I ei årrekkje var området stort sett uutbygd, og blei hovudsakleg brukt av britane til tigerjakt.[2]
BygningarEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Kowloon» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Fallon, Steve. (2006) Hong Kong and Macau. Lonely Planet Publishing. ISBN 981-258-246-0
- ↑ 10,000 Chinese Numbers. Lulu.com. s. 207. ISBN 9780557006212.