Kráľova hoľa (tysk Königsberg; ungarsk Király-hegy[1]) er det høgaste fjellet i den austlege delen av Låge Tatra med ei høgd på 1946 meter over havet. Fjellet ligg sentralt i Slovakia. Fire elver spring ut frå foten av fjellet: Čierny Váh, Hnilec, Hornád og Hron. Toppen er lett tilgjengeleg til fots via stia frå Telgárt, samt veg frå Šumiac. Her har ein panoramautsyn over Spiš, Tatrafjella, Liptov og den øvre Hrondalen. Fjellet var nesten heilt avskoga etter tømmerhogst tidleg på 1800-talet, men tregrensa er i dag nesten gjennopppretta til den naturlege høgda på 1650 meter.[2]

Kráľova hoľa
fjell
Kráľova hoľa
Land  Slovakia
Fjellkjede Låge Tatra
Høgd 1 946 moh.
Lettast tilkomst til fots
Koordinatar 48°53′0″N 20°8′0″E / 48.88333°N 20.13333°E / 48.88333; 20.13333
Kart
Kráľova hoľa
48°52′59″N 20°08′21″E / 48.882961111111°N 20.139111111111°E / 48.882961111111; 20.139111111111
Wikimedia Commons: Kráľova hoľa

Kráľova hoľa er ofte omtalt i slovakisk folkeminne og romantisk dikting som ein trygg stad for heltar og landevegsrøvarar, som Juraj Jánošík. Det er ein metafor for heimlandet i folkeviser som «Na Kráľovej holi» og særleg i eitt av dei mest kjende slovakiske dikta,[3] Døden til Jánošík (1862) av Ján Botto, har fjellet vorte eit uoffisielt nasjonalsymbol for slovakarane i lag med Kriváň.

Under det antinazistiske slovakiske nasjonalopprøret gøymde motstandsrørsla Jánošík seg i fjellet.

I 1960 vart det bygd ein TV-sendar på toppen. Her står òg ein vêrstasjon og ein stasjon for fjellsikringstenesta.

Kjelder endre

  1. Királyhegy - Lexikon
  2. Štefan Valentovič, et al. Slovenský biografický slovník, II zväzok E-J. 1987.
  3. Felicitas Maukšová, «Recepcia Bottovej Smrti Jánošíkovej v školskej praxi.» I: Július Bolfík, ed. Ján Botto – život a dielo... 1983.