Låge Tatra
Låge Tatra (slovakisk Nízke Tatry; ungarsk Alacsony Tátra[1][2][3]) er ei fjellkjede sentralt i Slovakia. Ho ligg sør for Høge Tatra og mellom dei renn elva Váh. Dalen danna av elva Hron ligg sør for Låge Tatra. Ryggen går frå vest til aust og er om lag 80 km lang.
Čertovicapasset deler fjellkjeda i to delar. Den høgaste delen av Låge Tatra ligg i vest. Ďumbier er det høgaste fjellet på 2042 meter over havet. Nabotoppen Chopok (2024 moh.) er tilgjengeleg med stolheis og er den mest vitja staden i Låge Tatra. Andre toppar i den vestlege delen er Dereše (2004 moh.) og Chabenec (1955 moh). Den høgaste toppen i den austlege delen er Kráľova hoľa (1946 moh.). Dei beste utsiktspunkta i vest er Veľká Chochuľa, Salatín, Chabenec, Skalka, Chopok, Ďumbier, Siná, Poludnica og Baba.
Fleire karstområde finst i kalkstein- og dolomittformasjonar i dei sørlege og nordlege endane av hovudryggen, som består av granitt og gneis. Her finst fleire grotter som er opne for ålmenta. Den største kløfta i fjellet er Hučiaky under Salatín i Ludrovádalen nær Ružomberok. Den høgaste fossen er under Brankov nær Ružomberok - Podsuchá - med eit fall på 55 meter.
Fjella er kledde med tett skog og har eit rikt dyreliv som inkluderer brunbjørn, ulv og gaupe. På dei alpinene beitemarkene finn ein tatragemse.
Nasjonalpark
endreDet meste av Låge Tatra er verna som ein del av Låge Tatra nasjonalpark (Národný park Nízke Tatry; forkorta NAPANT), som vart oppretta i 1978. Nasjonalparken dekkjer 728 km² og har ein buffersone på 1102 km² (425.48 mi²), i alt 1830 km².
Turisme
endreTurisme er ei stor næring i Tatrafjella. Om vinteren er fleire skistader i Låge Tatra opne, som Jasná, Mýto pod Ďumbierom og Tále. Jasna er det største skisenteret i Mellom-Europa og vert tent av turstibyen Liptovsky Mikulas. Liptovsky Mikulas er òg eit turistsenter om sommaren og tilbyr aktivitetar som rafting, kajakkpadling, roing, og fiske. Den bratte nordsida av fjellkjeda er populær hos fjellklatrarar.
Bakgrunnsstoff
endre- http://www.nizketatry.com/en.html www.nizketatry.com/en.html
- Informasjon om Låge Tatra
- Låge Tatra nasjonalpark på Slovakia.Travel
- Kart over den austlege delen av Låge Tatra Arkivert 2018-10-14 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Low Tatras» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Střední Slovensko ("Central Slovakia")». Encyclopedia Britannica. 2008. Henta 25. mars 2009. «The population of the kraj is mostly Slovak, with a small Hungarian minority»
- ↑ Fylke i det ungarske kongedømet (1913)
- ↑ Cartographia Világatlasz, Bp., 1998, s. 24