Kråkefotplantar

(Omdirigert frå Kråkefotplanter)

Kråkefotplanter (Lycopsida eller Lycopodiophyta) er ein klasse av relativt primitive karsporeplantar som finst over heile jorda. Kråkefotplantar er fleirårige og har gaffelforma skotgreiner.

Kråkefotplantar
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Kråkefotplantar Lycopodiophyta
D.H.Scott, 1900

Taksonomi

endre

Taksogrupperinga av kråkefotplantane nedanfor følgjer internasjonal taksonomi - The Angiosperm Phylogeny Group og APG II-systemet frå 2003 med 83 ordenar og 461 familiar av karplantar.

For dei 5 klassane og 155 familiane av karplantar som er vanlege i Norden, blir berre hovudnamn gjevne att i normal skrift nedanfor, med basis i det norske standardverket (2005)[1] og det nyaste nordiske standardverket (2007).[2] Hovudnamn som er sett i kursiv skrift viser ordenar eller familiar som berre veks utanfor Norden og som i 2007 ikkje høyrde til i dei 155 familiane i den nordiske floraen.

Kjelder

endre
  1. Johannes Lid og Dagny Tande Lid, Reidar Evjen (red.), Norsk Flora, 7. utgåva, Det norske Samlaget, Oslo 2005. ISBN 978-82-521-6029-1.
  2. Lennart Stenberg (red), Steinar Moen (norsk red): Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal 2003 (Oslo 2007). ISBN 978-82-05-32563-0.
  3. Dette er ikkje ein anerkjend familie i nordisk botanikk, der ein berre opererer med familien Lycopodiaceae.