Krajina i Montenegro
Krajina (serbisk Крајина/Krajina) eller Kraja (albansk: Krajë eller Kraja) er eit område søraust i Montenegro som strekkjer seg frå kysten av Shkodërsjøen til fjellet Rumija. Området er stort sett busett av albanarar, som utgjer 98 % av folkesetnaden. Området er delt mellom kommunane Bar/Tivar og Ulcinj/Ulqin.
Regionen ligg nær grensa til Albania og kysten av Adriahavet. Det ligg mellom Crmnica og Ana e Malit og strekkjer seg frå Skje til Shestan, grenselandsbyane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Krajina, Montenegro» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2008.