Krichim Peak
Krichim Peak (Vrah Krichim) er eit isdekt fjell 500 moh i Vidin Heights på Varna Peninsula på Livingston Island, ei øy i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Det ligg oppom Saedinenie snøfelt i nordvest og Panegabreen mot søraust. Fjellet er kalla opp etter byen Kritsjim sør i Bulgaria.
Krichim Peak | |||
fjell | |||
Krichim Peak frå Miziya Peak.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Vidin Heights | ||
Topp | Livingston Island | ||
- koordinatar | 62°31′53″S 60°08′42″W / 62.53139°S 60.14500°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Krichim Peak 62°31′53″S 60°08′42″W / 62.531388888889°S 60.145°W | |||
Fjellet ligg 1,11 km nordaust for Miziya Peak, 930 m nord for Dospat Peak, 380 m sørvest for Passy Peak og 1,73 km vest-nordvest for Madara Peak.