Varna Peninsula
Varna Peninsula (Poluostrov Varna) er ei nesten firkanta, hovudsakleg isdekt halvøy heilt nordaust på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Ho grensar til Hero Bay i nordvest, til Moon Bay mot søraust, og til McFarlane Strait i nordaust.
Varna Peninsula | |||
halvøy | |||
Varna Peninsula frå Half Moon Island.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Shetlandsøyane | ||
- koordinatar | 62°30′55″S 60°09′45″W / 62.51528°S 60.16250°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Varna Peninsula 62°30′55″S 60°09′45″W / 62.5153°S 60.1625°W | |||
Plasseringa til Varna Peninsula på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
| |||
Halvøya er kring 14 km lang sørvest-nordaust og 10 km brei, og sentralt på halvøya ligg Vidin Heights. Lengst nord ligg Williams Point og lengst aust Inott Point. Langs kysten finn ein Lister Cove og Dragon Cove i nordaust, og Griffin Cove, Charybdis Cove og Eliseyna Cove i nordvest. Bezmer Point ligg òg på nordvestkysten av halvøya.
Området vart vitja tidleg på 1800-talet av selfangarar. Williams Point var det første landområdet som vart oppdaga i det som i dag er dekt under Antarktistraktaten, av den britiske sjøfararen William Smith den 19. februar 1819.
Varna er namnet på ein stor by i Bulgaria.