Den nasjonale eininga retta mot organisert og annan alvorleg kriminalitet (Kripos) er ein nasjonal politietat under Politidirektoratet.[1]

Kripos


Kripos på Bryn i Oslo Sjå dette på Wikidata
Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.974760827
Skipa1959
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttps://www.politi.no/kripos/ (norsk)

Oppgåver endre

Kripos har som oppgåve å vera:

  • eit nasjonalt kompetansesenter for norsk politi,
  • ansvarleg for å behandla sentrale register i politiet,
  • eit nasjonalt kriminalteknisk laboratorium,
  • eit kontaktpunkt for internasjonalt politisamarbeid (gjennom Europol og Interpol),
  • ein aktør for førebygging og samfunnstryggleik.[2]

Historie endre

Kriminalpolitisentralen vart oppretta i 1959 då kriminallaboratoriet, identifiseringssentralen, kriminalregisteret og Polititidende vart skilt ut frå Oslo politikammer. I 1960 tok Kripos òg over ansvaret for det norske Interpolkontoret.

Utvikling endre

Tidlegare var Kripos eit reint bistandsorgan for norsk politi. E-avdelinga (etterforskingsavdelinga), òg kalla «Mordkommisjonen», vart oppretta i 1967. Den 1. januar 2005 vart Kriminalpolitisentralen erstatta av eit nytt organ – Den nasjonale eininga retta mot organisert og annan alvorleg kriminalitet – som vart tilført politiet sitt datakrimsenter (tidlegare underlagt Økokrim) og det særskilte etterforskingsprosjektet «Catch» (tidlegare underlagt Politidirektoratet). I tillegg til dette fekk eininga ein eigen påtalekompetanse som gjorde det mogeleg for etaten å opna etterforsking av saker sjølv. I 2015 vart det oppretta ein seksjon i Kripos for tidlegare uoppklara drapssaker, ein såkalla «cold case»-seksjon.[3]

Namn endre

Namnet «Kripos» var opphavleg eit akronym henta frå ordet Kriminalpolitisentralen. Ved nedlegginga av Kriminalpolitisentralen den 1. januar 2005, vart forkortinga for Kriminalpolitisentralen – Kripos – vidareført, men vart tilført Nye foran namnet, slik at eininga i daglegtale vart kalla «Nye Kripos».[4][5] Den 20. januar 2006 vart forkortinga Nye Kripos endra tilbake til Kripos – slik at det noverande formelle namnet til etaten vart «Den nasjonale eininga retta mot organisert og annan alvorleg kriminalitet (Kripos)».[6]

Tilsette endre

Kripos har per i dag 700 tilsette.[7] Om lag halvparten av desse har ei politiutdanning, medan dei resterande er kjemikarar (analytisk kjemi, uorganisk kjemi, organisk kjemi), laborantar, psykologar, fotografar, omsetjarar, IT-spesialistar eller skriftgranskarar.

Leiarar for Kripos endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Kontakt særorgan og andre enheter». Politiet. Henta 2. januar 2023. 
  2. «Hovedarbeidsområder», Politiet (på norsk bokmål), henta 2. januar 2023 
  3. «Ny enhet for uoppklarte drapssaker - Politiets Fellesforbund». 23. februar 2015. Arkivert frå originalen 30. desember 2016. Henta 30. desember 2016. 
  4. «Vedtak om nedleggelse av Kriminalpolitisentralen og opprettelse av Nye Kripos - Lovdata», lovdata.no, henta 2. januar 2023 
  5. Astrid Meland og Oliver Orskaug (6. januar 2006), «Nye gamle Kripos», dagbladet.no (på norsk), henta 2. januar 2023 
  6. «Vedtak om endring av navn fra Nye Kripos til Kripos - Lovdata», lovdata.no, henta 2. januar 2023 
  7. «Kripos», Politiet (på norsk bokmål), henta 2. januar 2023 
  8. «Kvigne blir ny Kripos-sjef» (på norsk). 3. april 2020. Henta 8. juni 2020.