Odd Olsen Ingerø
Odd Olsen Ingerø (fødd 22. september 1950 i Skjeberg) er ein norsk jurist som har vore sysselmann på Svalbard og politimeister. Han var òg sysselmann på Svalbard i perioden mellom 2001 til 2005 og frå 2009 til 2015.[1]
Odd Olsen Ingerø | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. september 1950 (74 år) Skjeberg |
Yrke | jurist |
Karriere
endreHan var tidlegare politimeister i Fredrikstad politidistrikt og har mellom anna vore politimeister i Sør-Varanger politidistrikt i tida mellom 1985 til 1998.
Ingerø har røynsle frå fengselsstyret i Justisdepartementet. Han har vore politijurist i Kirkenes, dommarfullmektig i Vardø og statsadvokatfullmektig. Frå 2005 til 2009 var han leiar for Kripos.
Ingerø fekk Politiets heiderskross i 2009.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Tidligere sysselmenn». Sysselmannen. Henta 2. januar 2023.
- ↑ «Disse har fått Politiets Hederskors». Politiforum. 26. april 2012. Henta 6. oktober 2014.
Bakgrunnsstoff
endre«Odd_R._Olsen_Ingerø» av Willy Haugli i Store norske leksikon, snl.no.