Kristian Ghedina (fødd 20. november 1969) er ein italiensk tidlegare alpin skirennar frå Pieve di Cadore i Provinsen Belluno som vann to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i tre ulike verdsmeisterskap i tida 1991-97. Utforspesialisten Ghedina vann 12 av sine 13 rennsigrar i verdscupen i alpine greiner i utforrenn.

Kristian Ghedina


Statsborgarskap Italia
Fødd 20. november 1969 (54 år)
Pieve di Cadore
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002

Aktiv endre

Ghedina slo gjennom i verdstoppen i utfor allereie som 20-åring, då han vinteren 1990 sigra i to utforrenn i verdscupen. Det skulle gå fem sesongar før han på ny stod på toppen av sigerspallen etter eit verdscuprenn, men dei neste sju sesongane vann han ti utforrenn og eitt super-G-renn. Triumfen i super-G-løypa kom 5. mars 2000 i norske Kvitfjell i Ringebu. Han vann sitt siste verdscuprenn i desember 2001. Ghedina var verdas neste beste utforrennar i sesongane 1995, 1997 og 2000.

Ghedina deltok i samtlege åtte verdsmeisterskap og fem olympiske vinterleikar i perioden 1991-2006. Han lukkast å vinne ein sølvmedalje i kombinasjonen allereie i sin fyrste meisterskap, VM i alpine greiner 1991 i Saalbach-Hinterglemm. Seinare fekk han ein ny VM-sølv i 1996 i Sierra Nevada i Spania og ein bronsemedalje i VM i alpine greiner 1997 i italienske Sestriere, begge desse medaljane kom i yndlingsgreina utfor.

Etter Vinter-OL 2006 i Torino la han opp.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar