Kristian Gundersson Fougner

norsk politikar

Kristian Gundersson Fougner (27. september 181715. juli 1896) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Østre Gausdal i Oppland.

Kristian Gundersson Fougner
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. september 1817
Gausdal kommune, Gausdal
Død

15. juli 1896 (78 år)

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Fougner tok over farsgarden Søndre Fogner i 1845 og dreiv han heilt fram til 1890. Han var medlem av heradsstyret 1848-91, 32 år var han med i formannskapet, ordførar i mange år. Medlem av forlikskommisjonen i mange år. Direktør i Gausdal sparebank.

Fougner representerte Kristians amtStortinget 1859-64 og 1874-76, samt perioden 1880-82. I den siste valbolken var han opphavleg 1. varamann, men møtte heile bolken i staden for avdøde Nils Trondsson Thune. Han var medlem av konstitusjonskomiteen 1859-60, 1862-63, 1874-76 og 1880-82. På omframstortinget 1864 var han medlem av komiteen om Schjelde-tollen, medlem av Lagtinget 1874-76 og 1880-82, røysterettskomiteen 1875-76 og i 1880-82 av valkomiteen.

Han var medlem av dei kongelege kommisjonane om høvesvis skogtilhøva i «Folden» i 1873, og folkeskulelova i 1884.

Fougner døydde på garden sin i Østre Gausdal i 1896.

Kjelder endre