Kristian Tonning Riise

norsk politikar

Kristian Tonning Riise (fødd 27. oktober 1988) er ein norsk idéhistorikar og politikar frå Ilseng i Stange kommune. Han var stortingsrepresentant 2017–2021 frå Hedmark, vald for partiet Høgre.

Kristian Tonning Riise

Fødd27. oktober 1988 (35 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, lobbyist
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
MedlemUnge Høgre
Alle verv

Bakgrunn endre

Riise utdanna seg i idéhistorie ved Universitetet i Oslo i tida 2009–2012. Etter eit par år som prosjektarbeidar i tankesmia Civita, vart han i 21. juni 2014 vald til leiar av Unge Høgre, attvald i 2016. Hausten 2017 fekk han fast sete på Stortinget for Høgre. På Stortinget fekk han plass i Arbeids- og sosialkomiteen.

Den 9. januar 2018 trekte Riise seg frå formannsvervet i Unge Høgre, etter skuldingar om seksuell tråsøkne mot andre ungdomspolitikarar.[1] Frå å ha vore ein profilert Høgre-politikar, vart han nær usynleg for media resten av tida som stortingsrepresentant.

Kjelder endre

  1. Oda Ruggesæter Ertesvåg. «Leder for Unge Høyre trekker seg – sier Metoo-kampanjen har vært en vekker» (på norsk bokmål). NRK. Henta 16. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kristian Tonning Riise