Kristine Duvholt Havnås

(Omdirigert frå Kristine Duvholt)

Kristine Duvholt Havnås (fødd 31. januar 1974) er ein norsk tidlegare handballlspelar frå Tønsberg. Ho vart verdsmeister i 1999 og vann i tillegg seks ulike medaljar i olympiske leikar, verdsmeisterskap og europameisterskap. Høgrevengen Duvholt vann elles seks norske serimeisterpokalar med Larvik HK, og sigra i EHF-cupvinnarcupen 2005 med same klubben.

Kristine Duvholt Havnås
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. januar 1974 (50 år)
Tønsberg
Yrke handballspelar
Høgd 166 centimeter

Karriere endre

Landslagsspel endre

Duvholt debuterte på det norske landslaget 31. oktober 1991 mot Vest-Tyskland. Åra 1992-94 var ho med å vinne OL-sølv, VM-bronse og EM-bronse i dei store meisterskapane. Etter ho og Noreg kom på sølvplassen under EM 1996 i Danmark, deltok ho ikkje i dei to neste meisterskaps-turneringane.

Derimot var Duvholt med då Noregs kvinnelandslag vann VM-gull for fyrste gong, på heimebane på Lillehammer kneip dei norske kvinnene gullmedaljane etter ekstraomgangar og sluttresultatet 25-24 mot Frankrike. Ho vart då kåra til beste høgreveng i meisterskapen. I 2000 tok ho bronsemedalje med Noreg i Sommar-OL 2000 og i sitt siste meisterskap, handball-VM 2001 i Italia, kompletterte ho medaljefangsten med ein sølvmedalje. Gjennom vel ti år spelte ho 208 landskampar for Noreg og skåra 377 mål.

Klubbspel endre

Duvholt spelte på Tønsberg Turn til kring 1992. Ho melde deretter overgang til Larvik Håndballklubb og spelte for klubben til ho la opp. Med Larvik HK sikra ho seg seks seriemeistetitlar, og i 2005 triumferte klubben den europeiske cupvinnarcupen.

Merittar endre

Kjelder endre