Kristján Örn Sigurðsson
Kristján Örn Sigurðsson (fødd 7. oktober 1980 i Akureyri) er ein islandsk fotballspelar som spela for Hønefoss (2010–2015).
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Kristján Örn Sigurðsson | ||
Kallenamn | Örn2, Krissy | ||
Fødd | 7. oktober 1980 | ||
Fødestad | Akureyri | ||
Høgd | 180 cm | ||
Posisjon | Midtstoppar, høgreback | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Hønefoss | ||
Nummer | 21 | ||
Ungdomsklubbar | |||
Völsungur KA Akureyri Stoke City | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2003-2004 2005-10 2010- |
KR Reykjavik SK Brann Hønefoss |
34 (1) 120 (10) 18 (0) | |
Landslag | |||
2003- | Island | 44 (4) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 21. mars 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 31. januar 2010 |
Vinteren 2005 kom han til den norske eliteserieklubben Brann, der han i 2005-sesongen for det meste blei nytta som høgreback, men sidan blei flytta inn som midstoppar.
Kristján Örn Sigurðsson er veslebror av den meir kjente Lárus Sigurðsson, som har hatt brukbar suksess i dei engelske klubbane Stoke og West Bromwich. Nettopp etter broren si anbefaling blei Kristján henta til Stoke som 17-åring, men han klarde aldri å slå gjennom der, og reiste attende til Island i 2001 der han spelte for KR Reykjavik.
Han markerte seg betre i den islandske toppdivisjonen og fekk sin debut på landslaget mot Italia i 2004.
I den første tida han var i Brann var han andreval som høgreback, men som fylgje av godt spel samstundes som konkurrentane fekk skadeproblem, spelte han dei fleste eliteseriekampane i 2005-sesongen.
Sigurðsson blir rekna som ein svært rask fotballspelar, samstundes som han er taklingssterk og har god spenst. I 2006-sesongen har han spelt glimrande i tospann med den islandske kollegaen sin Ólafur Örn Bjarnason og har fylt skoa til Brann sine tidlegare midtstopparprofilar Ragnvald Soma og Paul Scharner
Før han blei fotballspelar på heiltid, jobba han som assistent i barnehage. Kallenamnet hans blant Brann-tilhengjarane er «Ørn2». Ólafur Örn Bjarnason er «Ørn1».
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |