Kristusordenen (portugisisk Ordem de Cristo eller Ordem Militar de Cristo) er ein portugisisk orden. Han blei skipa i 1319 av pave Johannes XXII etter initiativ frå kong Denis I av Portugal. Kristusordenen spelte ei viktig rolle i portugisisk historie, ikkje minst gjennom deltaking i dei store sjøreisene. Ordenen blei reorganisert i 1789, avskaffa i 1910 og gjeninnført i Portugal i 1918. Han er i dag ein portugisisk fortenstorden og er den nest fornemste ordenen i landet. Han blir gjeven til både portugisiske borgarar og utlendingar. Presidenten i republikken er stormeister for Kristusordenen.

Krossen til Kristusordenen.

Bakgrunn endre

 
Karavell med kristusordenkrossen i segla.

Kristusordenen skulle fylle tomrommet etter Tempelriddarordenen, og overtok eigedommar denne hadde hatt i Portugal og Algarve. Han blei innstifta med paveleg godkjenning. Paven heldt på retten til å også utnemna riddarar til ordenen. Dette er bakgrunnen for at Kristusordenen finst i ei portugisisk og ei paveleg utgåve. Som ordensteikn tok ein i bruk ein raud kross med utbøygde endar og belagt med ein kvit kross. Kristusordenen blei innretta etter reglane til Cisterciensarordenen. Kristusordenen hadde fyrst sete i borga Castro Marim i Algarve, men flyttet i 1357 til byen Tomar, der Tempelriddarordenen tidlegare hadde hovudkvarteret sitt i Portugal.

Då stormeisteren døydde i 1417 kom embetet inn under kongemakta. Kong Johan I sikra stormeisterembetet for sonen sin, som er best kjend som Henrik Sjøfararen. Henrik blei guvernør fir Kristusordenen, og under hans leiing fekk ordenen oppgåver i samband med utforskinga av Afrika, India og Amerika. Dei store sjøreisene fann stad under merket til Kristusordenen.

Frå 1821 til 1827 eksisterte Kristusordenen også i Brasil, der den portugisiske kongen hadde søkt tilflukt etter at Portugal blei okkupert av Frankrike.

I 1789 blei Kristusordenen reformert og sekularisert. Då monarkiet blei avskaffa i 1910, blei også ordenane i landet avskafat. Saman med andre historiske ordenar, Tårn- og sverdordenen, Santiago av sverdet-ordenen og Avizordenen, blei Kristusordenen gjenoppretta i 1918. Han er sidan blitt delt ut som ein fortenstorden. Han er rekna som ein av dei gamle militærordenane i Portugal, og er blant dei fornemste ordenane i landet. Kristusordenen rangerer etter Tårn- og sverdordenen og framfor Avizordenen.

Inndeling endre

Kristusordenen er delt inn i fem klassar:

  • Storkross (Grã-Cruz)
  • Storoffiser (Grande-Oficial)
  • Kommandør (Comendador)
  • Offiser (Oficial)
  • Riddar/dame (Cavaleiro/Dama)

Insigniar endre

 
Ordenstegn for Kristusordenen

Ordensteiknet for Kristusordenen består av ein raudemaljert gullkross med utbøygde armar. Krossen er belagt med ein indre, kvit kross. Storleiken på krossen varierer etter grad. Ordensstjerna har asymmetriske stråler, 22 i talet. Han har ein kvit midtmedaljong pryda med krossen til Kristusordenen. Midtmedaljongen er omgjeven av ein laurbærkrans i gull. Ordensstjerna er i sølv for kommandørar og i gull for høgare grader. Ordensbandet er raudt.

Tildeling endre

Kristusordenen kan gjevast til portugisiske og utanlandske borgarar for fortenstfull innsats for Portugal, i høge politiske verve, i statstenesta innanlands eller i utanrikstenesta. Ordenen kan også tildelast militære. Det er sett avgrensingar på talet portugisiske medlemmar av dei fire øvste gradene i Kristusordenen. Det kan maksimalt vera 60 innehavarar av storkross, 100 storoffiserar, 250 kommandørar og 350 offiserar. Talet på riddarar/damer er ikkje avgrensa.

Norske innehavarar endre

Fleire nordmenn er blitt gjevne Kristusordenen. Dronning Sonja er innehavar av storkrossen. Også kong Haakon var innehavar av ein storkross. Andre som er blitt tildelt storkross er Fritz Wedel Jarlsberg, Birger Braadland, Ivar Lykke, Niels Christian Ditleff og Per Kleppe. Andre norske innehavarar av Kristusordenen er Wilhelm Thorleif von Munthe af Morgenstierne, Ingvald Maryllus Emil Smith-Kielland, Joachim Grieg og Christian Fredrik Michelet.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Kristusordenen» frå Wikipedia på bokmål, den 13. juli 2022.
  • José Vicente de Bragança: «Portugal» i Guy Stair Sainty og Rafal Heydel-Mankoo: World Orders of Knighthood and Merit, første bind, Buckingham: Burke's Peerage, 2006, s. 455–461.

Bakgrunnsstoff endre