Kryptozoologi er jakta på, og «vitskapen» om, mytologiske dyr, ukjende dyr og/eller utdøydde dyr som ein meiner eksisterer sjølv om det ikkje finst bevis på at dei eksisterer.

Dyr i kryptozoologien vert delt inn i tre grupper:

  • Velkjende dyr på merkelege stader
  • Offisielt utdøydde dyr
  • Fantasivesen, sjømonster, sjøslangar og avskyelege snømenn og liknande

Kryptozoologar interesserer seg hovudsakleg for store ukjende dyr. Desse kan katalogiserast, anten som ukjente for vitskapen, dyr ein meiner er utdøydde men som framleis er i live, eller store dyr som finst i område dei ikkje burde vere. Det som går mykje igjen innan kryptozoologi er sjøormar, avskyelege snømenn/yeti, levande dinosaurar og store kattar i usannsynlege område som til dømes England.

Kryptozoologi kan såleis på den eine sida verte sette på som jakta på nye dyrearter – alt frå nye rundormar, mus, biller eller tigrar.

På den andre sida kan ein sjå på krytpozoologi som dyrkinga av fabeldyr, og uansett kor lite truleg det er å finne sjøorm i Loch Ness, ein Bigfoot i Rocky Mountains, eller ein dinosaur i Afrika, så finst det alltid nokon som ikkje gjer opp trua på dei.

Ein kryptozoolog er ein ekspert på mystiske dyr. Kryptozoologi er ikkje eit eige yrke, men ein hobby. Mange kryptozoologar er zoologar, biologar eller har andre liknande yrke. I mellomalderlitteratur vart der skrive bestiariar som skildra fiktive dyr.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre