Kubbar (arabisk جزيرة كبر) er ei sandete, krattdekt øy i Kuwait i Persiabukta. Ho ligg kring 30 kilometer utafor sørkysten av Kuwait og 29 km frå kysten av Failaka. Øya er nesten sirkelforma, med ein diameter på 370 til 380 meter, og eit areal på kring 11 hektar. Ho er sandete, med låg kyst og tynn vegetasjon. Forskjellige former for dyreliv lever på øya.

Kubbar
øy
Land  Kuwait
Koordinatar 29°04′18″N 48°29′33″E / 29.0718°N 48.4925°E / 29.0718; 48.4925
Areal 11 ha
Folketal 0
Kart
Kubbar
29°04′06″N 48°29′10″E / 29.068333°N 48.486111°E / 29.068333; 48.486111
Wikimedia Commons: Kubbar Island

Kring seks irakarar som vart drepne i Golfkrigen i 1991, ligg gravlagde på øya. Gravene deira er diskret markert.

Kubbar er omgjeven av korallrev og er derfor ein populær stad for dykking.

Bakgrunnsstoff endre