Kufa er ein by i Irak med kring 130 000 innbyggjarar. Han er ein heilag by for sjiamuslimar.

Kufa
‏الكوفة‎, al-Kūfa
by
Kufa Mosque.jpg

Kufa
32°2′ N 44°24′ E
Wikimedia Commons: Kufa
Den store moskeen i Kufa fotografert i 1915

HistorieEndra

I 637 blei byen, som då låg i provinsen Asuristan, erobra av arabarar frå Sassanideriket. Han var på denne tida kjend som Hira, Aqula eller Suristan. i kalifen Umar ibn al-Khattab si regjeringstid blei så Kufa etablert her i 638. Han byrja som ein misr, ein arabisk leirby der det var busett 30 000 veteranar - den største stammegruppa var Banu Badshila.

Byen var ei kort tid, frå 749 til 762, hovudstaden til abbasidane. Han gjekk tilbake etter at Bagdad byrja å auka i tyding.

Kufa hadde ein berømt språkskule der ein utvikla kufisk skrift.

KjelderEndra

LitteraturEndra

  • Hichem Djaït: al- Kufa: naissance de la ville islamique. Paris: Maisonneuve et Larose 1986.
  • Josef van Ess: Theologie und Gesellschaft im 2. und 3. Jahrhundert der Hidschra. Eine Geschichte des religiösen Denkens im frühen Islam. 6 Bde. Berlin: De Gruyter 1991-97. Bd. I.
  • Michael G. Morony: Iraq after the Muslim Conquest. Princeton 1984, S. 239ff.