Samarra
Samarra er ein by i provinsen Salah ad Din i Irak. Han ligg ved breiddene av Tigris, 125 km nord for hovudstaden Bagdad. Samarra har eit folketal på rundt 160 000.
Samarra (سامَرّاء) | |||
Spiralminareten til Den store moskeen i Samarra
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Folketal | 160 000 | ||
Grunnlagd | Oldtida | ||
![]() Samarra | |||
Wikimedia Commons: Samarra | |||
På 800-talet blei Samarra hovudstad for Abbaside-kalifatet, og har framleis byplanen, arkitekturen og kunst frå denne tida. Den store moskeen i byen, med sin berømte spiralminaret, er eit døme. I 2007 utropte UNESCO byen til verdsarvstad, og klassifiserte han samtidig som verdsarv i fare.

Al-Askaria-moskeen.
Tusenvis av pilegrimer reiser kvart år til Samarra for å vitja Al-Askaria, ein viktig moské innan sjiaislam. Moskeen blei bygd på 1600-talet, og inneheld gravstadene til den 10. og 11. sjiaimamen, Ali al-Hadi og Hasan al-Askari. Han blei utsett for eit øydeleggjande bombeåtak i februar 2006.
KjelderEndra
- «Samarra» (25. september 2009), Store norske leksikon.
- «Samarra Archaeological City», unesco.org
- «Samarra: Shia pilgrimage centre», bbc.co.uk
- Delar av denne artikkelen bygger på «Samarra» frå Wikipedia på bokmål, og «Samarra» frå Wikipedia på engelsk den 10. november 2014.
BakgrunnsstoffEndra
- Verdsarvskildring ved unesco.org (engelsk)
- Tyding for sjiaer ved BBC.co.uk (engelsk)Denne geografiartikkelen som har med Irak å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.