Kumzar (arabisk كُمزار), òg skriven som Kumza, er ein landsby i Musandam, den nordlegaste provinsen Oman. Han er den nordlegaste busetnaden i landet, og ligg ved Hormuzsundet. Landsbyen er isolert og berre tilgjengeleg med båt.

Kumzar
كُمزار
landsby
Land  Oman
Koordinatar 26°20′12″N 56°24′35″E / 26.33667°N 56.40972°E / 26.33667; 56.40972
Areal 3,61 km²
Kart
Kumzar
26°20′12″N 56°24′35″E / 26.336666666667°N 56.409722222222°E / 26.336666666667; 56.409722222222
Wikimedia Commons: Kumzar

Kumzar har vore busett i kring 500 år, og tidlege portugisiske kart syner at det låg ein busetnad her.

Den isolerte plasseringa til landsbyen har medført at innbyggjarane talar eit eige språk, kumzari, som er det einaste iranske språket som kjem frå Den arabiske halvøya.

Hovudnæringa er fiske, særleg av tunfisk og sardinar. Dei fleste familiane har to hus, eitt i Kumzar og eit anna i Khasab. Den ekstreme varmen om sommaren gjer det hardt å bu i Kumzar, så frå mai til september bur folk helst i Khasab.

Kjelder endre