Khasab (arabisk خصب) er ein by i ein eksklave i Oman ved grensa til Dei sameinte arabiske emirata. Han er den lokale hovudstaden på Musandamhalvøya og har ofte blitt omtalt som «Arabia sitt svar på Noreg» på grunn av fjordliknande bukter mellom dei ville og bratte fjella.[1][2][3]

Khasab
by
Torget i Khasab
Land  Oman
guvernement Musandam guvernement
Del av Musandam guvernement
Koordinatar 26°11′N 56°15′E / 26.183°N 56.250°E / 26.183; 56.250
Folketal 17 730  (2003)
Tidssone Oman standardtid (UTC+4)
Kart
Khasab
26°11′00″N 56°15′00″E / 26.183333333333°N 56.25°E / 26.183333333333; 56.25
Wikimedia Commons: Khasab

Historie endre

 
Khasab-borga

Portugisarane grunnla Khasab på byrjinga av 1600-talet, då makta deira var på det største i regionen. Den naturlege hamna gav ly under dårleg vêr. I motsetnad til mange fort, som vart bygde høgt for å kunne forsvare ein stad best mogeleg, vart Khasab forma som eit forsyningspunkt for dadlar og vatn for portugisiske skip som segla i området. I dag er Khasab verna frå flaum av tre store dammar.[4]

Klima endre

Khasab har eit varmt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh) med særs heite somrar og milde vintrar. Her er lite nedbør og det meste kjem frå desember til mars.


Vêrdata for Khasab
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 30,8 32 37,5 43 46,2 49 47,7 47,5 44 41,4 36 31 49
Gjennomsnittleg maks °C 24,4 24,9 28 33,5 37,8 39,2 39,8 38,6 37,2 34,5 30,2 25,9 32,8
Døgnmiddeltemperatur °C 20,2 20,8 23,8 28,7 32,8 34,4 35,3 34,7 33,1 30,1 25,7 21,7 28,4
Gjennomsnittleg min °C 15,6 16,2 19,4 23,9 27,9 30 31,3 31,1 29,3 25,5 20,9 17,3 24
Lågast målte °C 10,5 10 10 15,5 21,5 25 23,8 27 22 16 12 8,4 8,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 44,8 49,1 46,3 8,8 1,9 0 0,8 0 0 0 2,9 32,1 186,7
Gns. luftfukt (%) 63 66 62 53 60 63 66 70 69 63 61 62 63
Kjelde: NOAA (1961-1990) [5]


Galleri endre

Kjelder endre

  1. Khasab[daud lenkje], Oman Air. Henta 4. juni 2016.
  2. Musandam is a glimpse of the real Arabia Arkivert 2010-01-25 ved Wayback Machine., Travel Weekly. Published September 28, 2006. Henta 4. juni 2016.
  3. A Mountain Of Thirst, Outlook. Published February 2, 2004. Henta 4. juni 2016.
  4. Wells, Rhona. The Noreg of Arabia, The Middle East. Published February 1, 2004. Henta 4. juni 2016.
  5. «Khasab Climate Normals 1961-1990». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta January 15, 2013.