Opna hovudmenyen
Hormuzsundet (raud pil) mellom Arabiahavet og Persiabukta.
Blå piler syner trafikkmønsteret i sundet.
Satellittbilete av sundet
Kart over Hormuzsundet med maritime grenser (2004)
Historisk kart over området (1892)

Hormuzstredet eller Hormuzsundet er det tronge sundet mellom Persiabukta i vest og Omanbukta som leier til Arabiahavet i aust. Sundet er bogeforma med Iran på nordsida og den omanske enklaven Musandam, som dannar eit nes på Den arabiske halvøya, i sør. Den iranske Hormuzøya ligg vest i sundet.

På sitt smalaste er sundet 54 kilometer vidt. Det er ein flaskehals for skipsfart til og frå Persiabukta, og er strategisk svært viktig. Rundt 20 % av all skipstransport i verda og 40 % av all skipstransport av olje går gjennom Hormuzsundet.

Namnet «Hormuz» (arabisk مضيق هرمز‎—madīq hurmuz, persisk تنگه هرمز—tangeh-ye hormoz) har to forklaringar. Sidan namnet liknar mykje på det persiske gudenamnet Hormoz, ein variant av Ahura Mazda, blir det gjerne knytt til dette. Etymologisk er det likevel meir truleg at namnet kjem frå hur-mogh (هورمغ) som tyder 'daddelpalme'. Dette er det lokale namnet på sundet i den iranske provinsen Hormozgan.

Innhaldsliste

SjøfartEndra

For å redusere faren for kollisjon, følgjer trafikken eit trafikksepareringssystem (TSS), der inngåande skip nyttar eit spor, og dei utgåande eit anna spor. Kvart spor er 3 km breitt. Spora er skilde av ei 3 km brei «sperrelinje».

For å gå gjennom sundet må skip passere gjennom territorialfarvatna til Iran og Oman under ein avtale for gjennomgangspassasje i trå med Havrettstraktaten.[1]

Sjølv om ikkje alle land har ratifisert avtalen,[2] har dei fleste land akseptert desse vanlege navigasjonsreglane som står i traktaten.

Oman har ein radar, Link Quality Indicator (LQI), som overvakar trafikken i Hormuzsundet. Staden ligg på ei toppen av ei lita øy ved Musandamhalvøya.

TrafikkstatistikkEndra

I følgje amerikanske Energy Information Administration var det i 2011 i snitt 14 tankskip som passere ut av Persiabukta gjennom sundet med 17 millionar fat råolje. Dette var sagt å representere 35 % av oljetransporte til sjøs i verda og 20 % av oljehandelen totalt. Rapporten sa vidare at meir enn 85 % av denne råolja vart eksportert til marknadar i Asia, med Japan, India, Sør-Korea og Kina som dei viktigaste områda.[1] Ein rapport frå Center for Strategic and International Studies i 2007 sa òg at det var 17 millionar fat olje som passerte ut av Persiabukta dagleg, men at dette stod for kring 40 % av oljetransport i verda.[3]

HendingarEndra

Operasjon Praying MantisEndra

Den 18. april 1988 var den amerikanske marinen involvert i eit sjøslag mot iranske styrkar i og kring sundet. Slaget, som vart kalla Operasjon Praying Mantis av amerikanarane, vart sett i verk som ein hemnaksjon fordi USS «Samuel B. Roberts» gjekk på ei mine som var lagt i kanalen av Iran den 14. april. Amerikanarane sokk ein fregatt, ein kanonbåt og opp til seks væpna hurtiggåande motorbåtar, i tillegg til at ein annan fregatt vart hardt skadd.

Nedskytinga av Iran Air 655Endra

Den 3. juli 1988 vart 290 menneske drepen då Iran Air sitt passasjerfly Airbus A300 vart skoten ned over sundet av ein styrt rakett frå United States Navy-skipet USS «Vincennes» då dei feilaktig trudde det var eit angripande krigsfly.

Kollisjon mellom USS «Newport News» og tankskipet «Mogamigawa»Endra

Den 8. januar 2007 kolliderte atomubåten USS «Newport News», medan han var under vatn, med Mal:MV, eit 300 000-tonns japansk tankskip, sør for sundet.[4] Det vart ingen skadar, og det lak ikkje olje frå tankskipet.

Spenningar i 2008Endra

Det var ei rekkje marine operasjonar mellom iranske hurtigbåtar og amerikanske krigsskip i Hormuzsundet i desember 2007 og januar 2008. Amerikanske leiarar skulda Iran for å provosere skipa deira, men iranske leiarar nekta for skuldingane.[5]

Den 29. juni 2008 sa kommandanten for den iranske revolusjonsgarden, Mohammad Ali Jafari, at om anten Israel eller USA gjekk til åtak på Iran, så ville dei stenge Hormuzsundet og øydelegge oljemarknaden. Viseadmiral Kevin Cosgriff, som kommanderte den femte flåten til USA stasjonert i Bahrain på andre sida av Persiabukta frå Iran, åtvara om at ei slik iransk handling ville verte rekna som ei krigshandling.[6]

Den siste veka i juli 2008 gjennomførte USA og andre utanlandske marinefartøy Operasjon Brimstone,[7] der dei øvde på mogelege militærhandlingar i det grunne farvatnet utafor kysten av Iran.

Spenningar i 2011–2012Endra

Den 27. desember 2011 truga den iranske visepresidenten Mohammad-Reza Rahimi om å stenge all oljetransport gjennom Hormuzsundet om dei økonomiske sanksjonane avgrensa eller stoppa den iranske oljeeksporten.[8] Meldingane frå Iran førte til at oljeprisen auka noko. I januar 2012 sende òg Storbritannia krigsskip til Persiabukta.

Innan 23. januar 2012 var det ein flotilje seks amerikanske krigsskip, sju britiske krigsskip og eit fransk krigsskip som opererte i Persiabukta og Arabiahavet utafor kysten av Iran.[9] Den 24. januar auka spaninga ytterlegare då Den europeiske unionen sette i verk sanksjonar mot iransk olje.

Sjå ogEndra

  • Ormus, gammalt kongedøme som strekte seg til Hormuzsundet

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Alejandra Roman & Administration. «Strait of Hormuz». The Encyclopedia of Earth. Henta 3. juni 2016. 
  2. «Chronological lists of ratifications of, accessions and successions to the Convention and the related Agreements as at 26. oktober 2007». Division for Ocean Affairs and the havrett. UN. 
  3. Anthony H. Cordesman (26. mars 2007). «Iran, Oil, and the Hormuzsundet» (PDF). Center for Strategic and International Studies. 
  4. Dorsey, Jack (10. januar 2007). «Navy says speed of tanker sucked submarine up to surface». The Virginian Pilot. 
  5. Isenberg, David (10. januar 2008). «A game of chicken in the, Persiabukta». Asia Times Online. Henta 8. januar 2012. 
  6. «U.S. Navy Commander Warns Iran: Don't Try Closing Gulf Oil Passageway». Fox News. 2. juli 2008. 
  7. «JTFEX 08-4 «Operation Brimstone» Flexes Allied Force Training». US Navy. 15. juli 2008. 
  8. «Oil jumps over 2 % as Iran threatens supplies». CNN. 27. desember 2011. 
  9. «Iran: EU oil sanctions 'unfair' and 'doomed to fail'». BBC. 23. januar 2012. Henta 3. juni 2016. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Hormuzsundet

Koordinatar: 26°34′N 56°15′E