Kunlun-stasjonen

Kunlun-stasjonen (kinesisk 昆仑站, 崑崙站, Kūnlún Zhàn) er ein av tre kinesiske stasjonar i Antarktis.

Kunlun-stasjonen
stasjon
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Stad Dome A
 - koordinatar 80°25′01″S 77°06′58″E
Administrert under Antarktistraktaten

Kunlun-stasjonen
80°25′2″ S 77°6′58″ E
Kunlun-stasjonen is located in Antarktis
Kunlun-stasjonen (Antarktis)

Han ligg 4087 moh., 7,3 km sørvest for Dome A og vart offisielt opna 27. januar 2009. Når han er ferdig utbygd vil han dekkje eit område på 558 m². Hovudbygningen, som dekker 236 m², vart reist i april 2009.[1]

Staden er ein av dei kaldaste i verda med temperaturar stundom under −80 °C om vinteren. Satelittmålingar har indikert at stader i nærleiken kan nå verdsrekorden med -90 °C.[2]

I april 2012 vart den første av tre antarktiske Schmidt-teleskop (AST#) reist ved Kunlun Station. Dei to andre vart installert i 2013 og 2014. Eit større optisk teleskop, Kunlun Dark Universe Survey Telescope (KDUST), er planlagt å vere ferdigbygd innan 2020.

KjelderEndra

  1. «China sets up 3rd Antarctic station». 28. januar 2009. Arkivert frå originalen den 31 januar 2009. Henta 22. april 2013. 
  2. Minus credibility? Antarctic record low temperature disputed

BakgrunnsstoffEndra