Kurgan i Kurgan oblast
Kurgan (russisk Курга́н) er ein by og administrativt senter i Kurgan oblast i Russland. Han ligg på venstresida av elva Tobol, rundt 1973 km aust for Moskva. I 2012 hadde byen om lag 327 898 innbyggjarar.
Kurgan Курган | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kurgan i 1850-åra | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Kurgan oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1662 1782 | ||||
Borgarmeister | Elena Vjatsjeslavovna Sitnikova (Елена Вячеславовна Ситникова) | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
393 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2021) - folketettleik |
309 285 787 /km² | ||||
Koordinatar | 55°26′27″N 65°20′28″E / 55.44083°N 65.34111°E | ||||
Høgd over havet | 75 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 640000–640041 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)3522 | ||||
Bilnummer | 45 | ||||
Nettstad: www.kurgan-city.ru |
Bynamnet kjem av ein kurgan-gravhaug (Tsarev Kurgan), ikkje langt frå der dei første nybyggjarane slo seg ned på 1600-talet.
Historie
endreKurgan er eib av de eldste byane i Sibir. Han vart grunnlagt mellom 1659 og 1662 av Timofei Nevesjin, ein bonde frå Tjumen, under namnet Tsarjovo Gorodisjtsje (russisk: Царёво Городи́ще), men han vart seinare kalla Kurganskaja Sloboda (russisk: Курганская Слобода). Byen vart i dei påfølgjande åra utbygd til ei festning. Ho tente som grensepost og verna andre russiske busetnader frå åtak frå nomadar. Fleire gonger klarte ikkje Tsarjovo Gorodisjtsje å stå imot åtaka og vart plyndra og brent.
Mot slutten av 1600-talet vart busetnadane flytt åtte kilometer nedstraums Tobol. I 1710 hadde han 539 innbyggjarar. I løpet av dei neste tiåra vart festninga utbygd og bestod ved midten av 1700-talet av Gamlebyen, som var omslutta av byen sitt kreml av tre og Nybyen med bymuren, åtte bastionar og ei vollgrav og garnisonen talte rundt et tusen soldatar og 28 kanonar. Etter innlemminga av territoria i sør og flyttinga av forsvarslinjene vart ikkje Tsarjovo Gorodisjtsje lenger like strategisk viktig og i løpet av 1760-talet vart festningsverka nedbygd .
19. januar 1782 gav Katarina den store busetnaden byrettar og det namnet som byen har framleis.
På grunn av den fjerne plasseringa til byen vart Kurgan nytta som eksilby for politiske fangar av tsarane. Derfor budde her mange dekabristar. Etter den blodige knusinga av opprøret i den russisk-annekterte delen av Polen i 1863/1864 vart 93 polske patriotar forvist til Kurgan. I 1895 utgjorde politiske eksilfantar halvparten av innbyggjarane i byen på 7000.
På midten av 1800-talet vart Kurgan eit sentrum for handsaming og handel med jordbruksprodukt og gjennom tilknytinga til jernbanenettet i 1893 fekk Kurgan òg større tyding for industrien. Byen voks no raskt og hadde i 1917 40 000 innbyggjarar og rundt 60 bedrifter. Telegrafen vart oppretta i 1887, den første kinoen kom i 1910 (Progress, eksisterer framleis) og gatelys fekk byen i 1914.
I den andre verdskrigen vart fleire fabrikkar frå det vestlege Russland flytta austover og Kurgan fekk på den måten fleire bedrifter og folkesetnaden voks med over 20 000 menneske. I 1943 vart Kurgan sete for den nydanna Kurgan oblast. På 1950-talet vart det bygd store fabrikkar i byen, som pregar bybiletet enno i dag.
Økonomi og næringsliv
endreAv industribedrifter i byen er bussfabrikken KAvZ og ein fabrikk som produserer dei kjente infanterikjøretøya bmp-1, bmp-2 og bmp-3. Ilizarov vitskapelege senter for reparativ traumatologi og ortopedi ligg i Kurgan.
Transport
endreKurgan ligg ved den transsibirske jernbanen, mellom Jekaterinburg og Omsk. Byen har to jernbanestasjonar. Kurgan lufthamn ligg 6 km nordaust for byen.
Utdanning
endreKurgan har mange høgare utdanningsinstitusjonar, mellom anna Kurgan statlege universitet, Kurgan internasjonale universitet, eit jordbruksakademi, eit militærakademi og eit jernbaneakademi.
Kjende personar frå Kurgan
endre- Evgenia Grekova, operasongerinne
- Leonid Krassin, russisk revolusjonær
- Sergej Rublevskij, sjakkspelar
- Julia Savitsjeva, songar
- Jelena Temnikova, songar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kurgan i Kurgan oblast» frå Wikipedia på bokmål, den 27. november 2008.