Tobol (kasakhisk Тобыл, Tobyl; russisk Тобол, Tobol) er ei elv i Kasakhstan og Kurgan og Tjumen oblast i Russland. Ho renn frå Uralfjella og munnar ut i Irtysj som ei av sideelvane frå venstre. Tobol er 1 591 km lang og har eit nedslagsfelt på 426 000 km². Dei nedre delane av elva frys til seint i oktober eller november og tinar opp att i april eller tidleg i mai. Tobol er farbar frå elvemunningen og 437 km oppover.

Tobol
elv
Land  Kasakhstan,  Russland
Nedslagsfelt 426 000 km²
Lengd 1 591 km
Middelvassføring 805 /s
Kjelde Uralfjella
Munning Irtysj
Kart
Tobol
58°09′14″N 68°12′55″E / 58.1539°N 68.2153°E / 58.1539; 68.2153
Wikimedia Commons: Tobol River

Historie endre

Tobol var ein av fire viktige elvar i Det sibirske khanatet. I 1428 vart khanen drepen i eit slag mot styrkane til Abu'l-Khayr Khan.[1]

Byar ved Tobol endre

Størst sideelvar endre

Kjelder endre

Fotnotar endre