Kurt Heggestad

norsk fotballspelar

Kurt Heggestad (fødd 19. august 1982) er ein norsk fotballspelar som spelar for Veitastrond fotball (2009) i 4. divisjon. Han spelte for Sogndal fotball i ti år. Heggestad la opp toppfotballen etter 2007-sesongen, berre 25 år gamal for å verte geitebonde i heimbygda Veitastrond i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Eit val som han i fylgje han sjølv, ikkje har angra på[1]. Heggestad spelte både back, ving og kantspelar i karrieren si. Han fekk totalt 211 kampar i Sogndal-trøya før han la opp.

Kurt Heggestad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. august 1982 (41 år)
Yrke fotballspelar, bonde

Karriere som spelar endre

Klubb Kampar Mål Periode
  Sogndal 211 19 1997-2007
  Veitastrond ? ? 2007-


Referansar endre