Kurfyrstedømet Trier
Kurfyrstedømet Trier (tysk Kurfürstentum Trier eller Kurtrier) var eit kyrkjeleg fyrstedøme i Det tysk-romerske riket som eksisterte frå slutten av 800-talet til tidleg på 1800-talet. Det bestod av eigedomane til det større erkebispedømet Trier (tysk Erzbistum Trier), og vart styrt av erkebiskopen i hans funksjon som kurfyrste i riket. Hovudstaden i kurfyrstedømet var Trier, med hovudresidensen i Koblenz frå 1500-talet og frametter. Kurfyrstedømet vart sekularisert i 1803 etter det napoleonske styret.
Kurtrier / Kurfürstentum Trier (tysk) Électorat de Trèves (fransk) Kurfyrstedømet Trier | |||||
Statar i Det tysk-romerske riket | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Kurfyrstedømet Trier i 1648 | |||||
Hovudstad | Trier | ||||
Språk | Fransk, latinsk, luxembourgsk, Moselle-frankisk tysk | ||||
Religion | Romersk-katolsk | ||||
Styreform | Fyrstedøme | ||||
Historisk periode | Mellomalderen | ||||
- Fekk sjølvstyre | 772 | ||||
- Status som Reichsfreiheit | 898 (stadfesta 902) | ||||
- Oppheva til Kurfyrstedøme |
mellom 1189 og 1212 | ||||
- Trier byrettar | 1212 | ||||
- Vart med i Den kur-rhinske rikskrinsen |
1512 | ||||
- Lunéville-traktaten | 9. februar 1801 | ||||
- Gjenoppretta som Storhertugdømet Niederrhein |
9. juni 1815 |
Historia
endreTrier hadde vore setet for eit bispedømet sidan romartida og var ein viktig romersk provinshovudstad i Augusta Treverorum. Det vart opphøgd til erkebispedøme under regjeringstida til Karl den store, som i testamentet sitt nemnde bispedøma Metz, Toul og Verdun som sine underbispedøme.
Biskopane av Trier var alt i røynda sjølvstendige magnatar i merovingartida. I 772 gav Karl den store biskop Wiomad fullstendig immunitet frå styret til den herskande greven for alle kyrkjer og kloster, samt landsbyane og slotta som høyrte til St. Peterskyrkja i Trier. I 816 stadfesta Ludvig den fromme desse privilegia til erkebiskop Hetto.
Under delinga av Det karolingiske riket ved Verdun i 843 gjekk Trier til Lothair. Under delinga av Lotharingien ved Mersen i 870, gjekk det til Austfrankarriket som utvikla seg til Kongedømet Tyskland.
Erkebiskop Radbod fekk i 898 full immunitet av Zwentibold for alle skattar i heile området til bispedømet. Zwentibold var son av keisar Arnulf av Kärnten, som ei kort stund regjerte som konge av Lotharingien, og som under stort press frå sine sjølvstendige adelsfolk desperat trengde ein mektig alliert. Gåva ytterlegare forsterka stillinga til erkebiskopane som landeigarar. Etter at Zwentibold vart myrda i 900, gav førarane til barnekongen Ludvig Radbold distriktet og byen Trier heilt og halde, og han fekk løyve til å påleggje eigne skattar og rett til å prege eigne myntar. Frå hoffet til Karl den enkle fekk han endeleg rett til å velje eigne biskopar av Trier, utan innblanding frå riket.
I tidleg moderne tid utgjorde Kurfyrstedømet Trier framleis område langs elva Moselle mellom Trier, nær den franske grensa, og Koblenz ved Rhinen. Sidan tidleg på 1200-talet var erkebiskopen av Trier rekna som ein keisarleg kurfyrste for den tyske kongen.
Den siste kurfyrsten, Clemens Wenceslaus av Sachsen, heldt seg i Koblenz etter 1786. Frå 1795 vart områda til kurfyrstedømet på venstresida av Rhinen under fransk okkupasjon. I 1801 vart desse områda annekterte og eit eige fransk-kontrollert bispedømet oppretta under biskop Charles Mannay. I 1803 tok det franske bispedømet kontroll over heile bispedømet og det som var att av kurfyrstedømet på austsida av Rhinen vart sekularisert og annektert av Nassau-Weilburg i 1803.
Erkebiskopar og kurfyrstar av Trier
endreErkebiskopar av Trier
endreTil 1000
endre- Radbod 883–915
- Rudgar 915–930
- Rudbrecht 930–956
- Heinrich I 956–964
- Dietrich I 965–977
- Egbert 977–993
- Ludolf 994–1008
1000 til 1200
endre- Megingod 1008–1015
- Poppo von Babenberg 1016–1047
- Eberhard 1047–1066
- Kuno I von Wetterau (Conrad) 1066-1066
- Udo von Wetterau 1066–1078
- Egilbert 1079–1101
- Bruno 1101–1124
- Gottfrid 1124–1127
- Meginher 1127–1130
- Adalberon von Munsterol 1131–1152
- Hillin von Fallemanien 1152–1169
- Arnold I 1169–1183
- Fulmar 1183–1189
Kurfyrstar av Trier
endre1200 til 1500
endre- John I 1189–1212
- Theodoric II (Dietrich von Wied) 1212–42
- Arnold II von Isenburg 1242–59
- Heinrich I von Finstingen 1260–86
- Bohemond I von Warnesberg 1286–99
- Diether von Nassau 1300–07
- Heinrich II von Virneburg 1300–06 (i opposisjon)
- Baldwin von Luxemburg 1307–54
- Bohemond II von Saarbrücken 1354–61
- Kuno II von Falkenstein 1362–88
- Werner von Falkenstein 1388–1417
- Lenihan von Weideburg 1417–1419
- Otto von Ziegenhain 1419–30
- Rhaban von Helmstadt 1430–38
- Jakob von Sierk 1439–56
- Johann II av Baden 1456–1503
From 1500
endre- Jakob von Baden 1503–11
- Richard von Greiffenklau zu Vollrads 1511–31
- Johann von Metzenhausen 1531–40
- Johann Ludwig von Hagen 1540–47
- John of Isenburg-Grenzau 1547–56
- Johann von der Leyen 1556–67
- Jakob von Eltz-Rübenach 1567–81
- Johann von Schönenberg 1581–99
- Lothar von Metternich 1599–1623
- Philipp Christoph von Sötern 1623–52
- Karl Kaspar von der Leyen-Hohengeroldseck 1652–76
- Johann Hugo von Orsbeck 1676–1711
- Karl Josef av Lorraine 1711–15
- Franz Ludwig av Pfalz-Neuburg 1716–29
- Franz Georg von Schönborn-Buchheim 1729–56
- Johann Philipp von Walderdorf 1756–68
- Clemens Wenceslaus av Sachsen 1768–1803
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Electorate of Trier» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: