Kvæøya
Kvæøya, ofte skriven med den uoffisielle skrivemåten Kveøya, er ei øy i Kvæfjord kommune i Troms. Øya ligg i Kvæfjorden, like ved kommunesenteret Borkenes. Kvæøya har eit areal på 7 km², og det høgaste punktet på øya er 267 moh. Øya hadde 123 innbyggjarar i 2001. Øya vert rekna som særs fruktbar, med store gardsbruk, og er hovudsakleg busett på sør- og vestsida. Den nordlegaste garden heiter Øynes. Nordaustsida av øya er bratt og det finst ikkje busetnader eller fruktbar jord her.
Kvæøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | 68°45′56″N 16°06′22″E / 68.76556°N 16.10611°E
|
Areal | 7,0 km²
|
Høgaste punkt | Hilderkleiva (267 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Troms
|
Demografi | |
Folketal | 123 (2001) |
Folketettleik | 17,6 /km² |
Kvæøya har fastlandssamband med hjelp av 1270 meter lang sjøfylling og ei 370 m lang bru til Salen på søraustsida av Øysundet. Brua blei opna i september 2010.[1]
Kjelder
endre- ↑ Nordlys, artikkel den 26. september 2010, Åpnet ny bru Henta 10. april 2016
Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.