Kvadratur i matematikk
Kvadratur er eit omgrep som vert nytta i matematikken. Med kvadraturen til eit flatestykke meiner ein anten konstruksjonen av eit kvadrat som er like stort som flatestykket (til dømes kvadraturen til sirkelen) eller å avgjere flateinnhaldet til flatestykket.
I integralrekninga vert ofte utføringa av ein integrasjon kalla kvadratur, fordi eit integral ofte kan tolkast som eit flateinnhald.
Kjelder
endre- kvadratur. (2012-01-10) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/kvadratur/matematikk