Kvalheim i Radøy

Kvalheim, uttala kvaleim, er namn på to gardar,Øvre Kvalheim og Nedre Kvalheim på Radøy. Garden ligg vest for kyrkjestaden , Øvre kvalheim langs vegen ut mot Marøy, Nedre Kvalheim ligg lenger vest, ut mot havet.

Kvalheim (Øvre Kvalheim))
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Alver
Postnummer 5936 MANGER
Gardnummer 27 og 28

Namnesamansetjinga -heim tyder på at garden er rydda tidleg, truleg like etter Kristi fødsel. Gravrøyser frå jernalderen er spor etter den eldste busetjinga. Forleddet kval er truleg gjeve fordi dette var staden der kvalen kom inn.

Garden vart delt i to alt i mellomalderen, og kom inn nder jordegodset til Munkeliv kloster i Bergen. Etter reformasjon kom desse eigedommane under kongen.

I nyare tid er garden delt i mange småbruk. Her har vore hermetikkfabrikk, sildoljefabrikk og elektromotorfabrikk. Kvalheim har enno mange industriarbeidsplassar.

Kjelder endre