Kvernkall er eit vasshjul på ein vertikal aksling, med skråstilte skovlar som vatnet vert leia inn mot. Rørslemengda til vatnet utøver ei kraft på skovlane, som vert omforma til eit dreiemoment som driv akslingen rundt. Effekta vert så nytta til drift av ein kvernstein.

Kvernkall.

Kvernkallen er utforma med ein loddrettståande trestokk (akslingen), som er opplagra i begge endar. Øvre enden av stokken, som er grannare oppe enn nede, når opp gjennom golvet i kvernhuset. Nedst på stokken er skovlar felt inn. Gjennom ei vassrenne vert vatn leia mot skovlane, som fangar opp vasstrålen frå vassrenna slik at kvernkallen roterer. I øvre enden av stokken er det felt inn ei snelle av jarn som går gjennom eit hol i den underliggande, fastfesta kvernsteinen og endar i eit tverjarn, ei sigle, som er felt inn i den roterande oversteinen.

Kvernkallen var i bruk i Noreg frå tidleg i norsk mellomalder. Kvernhus med kvernkall vart nytta i Noreg til og med 2. verdskrigen. Folk mol då korn illegalt på gardskvernar.

Kvernkall i Austerrike.

Sjå òg endre

Vasshjul