Kvilldal kraftverk

vannkraftverk i Suldal kommune, Rogaland fylke, Noreg

Kvilldal kraftverk er eit vasskraftverk i Ulla-Førreanlegget i Suldal kommune i Rogaland fylke, og er Noregs største målt i installert effekt. Kraftverket blei sett i drift i 1986. Verket utnyttar eit fall på 538 meter frå inntaksmagasin i Lauvastølsvatn. Til inntaksmagasinet blir det henta inn vatn frå Saurdal kraftverk (som igjen får vatn frå Blåsjø), Stovedalsvatnet og Sandsavatnet. Til Sandsavatnet blir det overført vatn frå Mosvatnet via Hjorteland pumpestasjon. I tillegg blir det henta inn vatn frå ei rekke bekkeinntak.

Kvilldal kraftverk
Tekniske data
Plassering Suldal kommune, Rogaland fylke
Eigar Statkraft mfl.
Etableringsår 1981-86
Fallhøgde 538 m
Aggregat Francisturbin
Installasjon 1240 MW
Årsproduksjon 3516,52[1] GWh

Det er installert fire Francisturbinar på totalt 1240 MW.

Eigar er Lyse produksjon, Statkraft, Skagerak Kraft og AEP.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra