Kvirinalhøgda
Kvirinalhøgda (latin Mons Quirinalis, italiensk Quirinale) er ei av dei sju høgdene i Roma, og ligg mellom Trajanus forum og Diocletianus termer. Namnet Kvirinalen kjem av Quirinus tempel.
Kvirinalhøgda | |||
ås | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Del av | Dei sju høgdene i Roma | ||
Kvirinalhøgda 41°54′04″N 12°29′18″E / 41.901111111111°N 12.488333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Quirinal Hill (Rome) |
I antikken var Kvirinalhøgda dominert av ulike domkyrkjer og andre offentlege bygg, men òg patrisiervillaer. På byrjinga av 300-talet oppførte keisar Konstantin det siste badeanlegget her. I mellomalderen vart høgda avfolka, men vart vekka til liv på midten av 1500-talet av pavane si interesse for området.
Kvirinalhøgda er dominert av Palazzo del Quirinale med mektige hagar. Palasset var før 1870 pavane sin sommarresidens, og fram til 1947 den italienske kongen sin bustad. På Piazza del Quirinale står to statuar som framstiller Zevs sine to søner Castor og Pollux. På Kvironalhøgda ligg to sakrale arkitektoniske meisterverk frå barokken: Kyrkjene San Carlo alle Quattro Fontane av Francesco Borromini og Sant'Andrea al Quirinale av Giovanni Lorenzo Bernini.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Quirinalhøyden» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2007.