Castor
Castor er ei pattedyrslekt som omfattar to artar av bever. Bever er den største gnagaren som finst på den nordlege halvkula. Beverane omfattar familien Castoridaæ med dei to artane Castor canadensis og Castor fiber. Førstnemnde høyrer heime i Amerika, mens sistnemnde høyrer heime i Europa.
Castor | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Castor | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Gnagarar Rodentia |
Underorden: | Castorimorpha |
Familie: | Beverfamilien Castoridae |
Slekt: | Castor Linnaeus, 1758 |
Beveren kan oppnå ei vekt på 40 kg. Han er dekt av tjukk, vasstett pels, og bakbeina er kraftige, med symjehud mellom de fem tærne. Forbeina derimot liknar våre hender, og beveren bruker dei med stor dyktigheit og presisjon til forskjellige oppgåver.
Beveren overgår alle andre pattedyr (unntatt mennesket) når det gjeld evna til å endre og tilpasse sitt livsmiljø. Det som imponerer mest er beveren sine demningar. Dei kan vere opptil fleire titals meter lange, og sørgjer for at vasstanden i hovudreviret er mest mogleg konstant. Sjølve beverhytta kan vere opptil 7 m i diameter, og huse 2–3 familiar, med høgast 8–10 individ.
Artar
endre- C. canadensis, amerikansk bever
- C. fiber, europeisk bever eller berre bever
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Castor hos Artsdatabanken
- (en) Castor – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Castor i Encyclopedia of Life
- (en) Castor i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Castor hos Dyntaxa
- (en) Castor hos Fauna Europaea
- (en) Castor hos Fossilworks
- (en) Castor hos ITIS
- (en) Castor hos NCBI
- (en) Kategori:Castor – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Castor – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons