Kvitsaum er ei form for broderi utført med kvitt garn på kvitt stoff. Tradisjonelt har det blitt utført på kvitt tellelin med lingarn.[1] Teknikken har vore mykje brukt til klede, som skjorter og blusar, kragar, sjal og undertøy.[2] Ein finn han også særleg mykje brukt til dåpsklede, brudeklede og til geistlege klede.[3]

Gutedrakt med kvitsaum (engelsk broderi) frå 1800-talet.
Hedebosaum frå tidleg 1800-tal.

Nokre døme på broderistilar med kvitsaum er hardangersaum, hedebosaum, engelsk broderi, Ayrshire-broderi, Mountmellick-broderi og Richelieu-broderi.[3]

Historie

endre

Kvitsaum har gamle aner både i «den gamle» og «den nye verda». Teknikken nådde eit høgdepunkt på 1400- og 1500-talet i Italia. Her blei det skapt nye variantar av utskorsaum, som i reticellabroderiet. Dei tidlege mønstera var geometriske og følgde strukturen til vevnaden. Folkelege variantar av reticellasaum finn ein mellom anna i norsk hardangersaum og dansk hedebosaum.[4]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. «Hvitsøm», Store norske leksikon, 14. februar 2009 
  2. «broderi» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. 3,0 3,1 Whitework, Royal School of Needlework, arkivert frå originalen 30. oktober 2017, henta 29. oktober 2017 
  4. Bra Böckers lexikon, 1981. Oppgjeve av Svensk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kvitsaum
  Denne tekstilartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.