Kya fyrstasjon
Kya fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein holme langt til havs utanfor Buholmråsa fyrstasjon i Osen kommune i Trøndelag. Fyret er det nordlegaste på Fosen.
Kya fyrstasjon Foto: Danckert Monrad-Krohn, Riksantikvaren | |||
Fylke | Trøndelag | ||
---|---|---|---|
Kommune | Osen | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1920 | ||
Koordinatar | 64°27.9000′N 10°12.9000′E / 64.4650000°N 10.2150000°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 22,5 | ||
Form | Fyrbygning med tårn | ||
Byggjemateriale | Støypejern | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Rundtlysande med blink kvart 10. sekund | ||
Lyshøgd | 29,0 moh. | ||
Lysvidde | 12,2 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1958 | ||
Avfolka | 1958 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Kya fyrstasjon 64°27′50″N 10°12′43″E / 64.46388889°N 10.21194444°E | |||
Fyrtårnet er eit 22,5 meter høgt sylindrisk støypejernstårn på ein høg sokkel av hogd stein. Den opphavleg 2. ordens lynblinklinsa er byta ut med ei mindre, fast linse. I tårnet finst ein liten bustaddel. I tillegg til tårnet finst eit naust, ein landing og ein skjenelagd gangveg. Fyrstasjonen har vanskelege landingstilhøve og naustet er forma får å gje sjøen minst mogeleg motstand. Kya er ein av dei mest vêrharde stasjonane langs norskekysten.
Fyrstasjonen vart automatisert og avfolka i 1958 og er i dag freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008 - side 405» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Kya fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
endre- Kya fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren