Kysuca
Kysuca (ungarsk Kiszuca) er ei 66 km lang elv nord i Slovakia og ei av sideelvane til Váh frå høgre. Elva har gjeve namn til den uoffisielle regionen Kysuce.
Kysuca | |||
elv | |||
Kysuca nær Kysucké Nové Mesto etter eit sommaruvêr
| |||
Land | Slovakia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 053 km² | ||
Lengd | 66 km | ||
Middelvassføring | 17,3 m³/s | ||
Kjelde | nær landsbyen Makov | ||
Munning | Váh | ||
Kysuca 49°14′06″N 18°43′51″E / 49.235°N 18.7308°E | |||
Wikimedia Commons: Kysuca |
Elva spring ut nær landsbyen Makov. Først renn elva sørvestover, rundt Javorníky til høgre og Kysucké Beskydy-fjella til venstre, før ho renn gjennom Turzovka og byen Čadca. Frå her snur ho sørover og renn mellom Javorníky til høgre og Kysucká vrchovina til venstre. Ho passerer Horelica, Krásno nad Kysucou, Kysucké Nové Mesto før ho munnar ut i Váh i Žilina. I Kysucadalen sør for Čadca, går ei jernbanelinje og E75.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kysuca» frå Wikipedia på engelsk, den 5. april 2009.