Žilina
Žilina (tysk Sillein, ungarsk Zsolna, polsk Żylina, latinsk Solna) er ein by nordvest i Slovakia, rundt 200 km frå hovudstaden Bratislava. Han er den fjerde største byen i Slovakia med rundt 85 000 innbyggjarar. Byen er eit viktig industrisenter og den største byen ved elva Váh. Han er òg sete i Žilina kraj og ein Žilina okres.
Žilina | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land | Slovakia | ||
Kraj | Žilina kraj | ||
Først nemnd i | 1069 | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
80,03 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
85 558 1 069,1 /km² | ||
Koordinatar | 49°13′22″N 18°44′24″E / 49.22278°N 18.74000°E | ||
Høgd over havet | 342 moh | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 010 01 | ||
Retningsnummer (tlf) | +421-2 | ||
Bilnummer | ZA | ||
Nettstad: www.zilina.sk |
Historie
endreOmrådet rundt Žilina har vore busett sidan steinalderen (rundt 20 000 f.Kr.). På 400-talet flytta slavarar til området. Dei første skriftlege kjeldene om Žilina er frå 1208 då han vart kalla terra de Selinan. Frå andre halvdel av 900-talet til 1918 var han ein del av Kongedømet Ungarn.
Byen starta å utvikle seg frå rundt år 1300 og hadde alt bystatus i 1312. I 1321 fekk han status som fri kongeleg by av kong Karl I. 7. mai 1381 gav kong Ludvig I ut Privilegium pro Slavis som gjorde dei slaviske innbyggjarane til likemenn av dei tyske innbyggjarane ved at halvparten av bystyret no skulle vere slavarar.[1] Byen vart brend ned av husittar i 1431.
På 1600-talet vart Žilina eit senter for produksjon, handel og utdanning, og under barokken vart det bygd mange kloster og kyrkjer, i tillegg til Budatín-borga. I revolusjonane i 1848, vann slovakiske frivillige, ein del av keisarhæren, eit slag i nærleiken mot ungarske honvedar og gardistar.
Byen blømde på andre halvdel av 1800-talet då det vart lagt jernbane til byen. Denne stod ferdig i 1872 med linje til Košice og i 1883 fekk byen jernbanesamband med Bratislava. Nye fabrikkar sprang opp, som den manufakturfabrikken Slovena (1891) og Považie kjemiverk (1892).
Han var ein av dei første kommunane som signerte Martin-erklæringa (30. oktober 1918) og fram til mars 1919 var han sete for dei slovakiske styresmaktene. 6. oktober 1938, kort tid etter München-avtalen, vart sjølvstyret til Slovakia som ein del av Tsjekkoslovakia erklært i Žilina.
Etter den andre verdskrigen vart det bygd mange bye fabrikkar, skular og bustadhus i byen. Han var sete for Žilina kraj frå 1949-1960 og igjen sidan 1996.
I dag er Žilina den fjerde største byen i Slovakia, det tredje viktigaste industrisenteret og sete for eit universitet, Žilinská univerzita (grunnlagd i 1953). Sidan 1990 har det historiske senteret i byen vorte gjenoppbygd og byen har bygd ut trolleybuss-linjer
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Žilina» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Kirschbaum, Stanislav J. (1995). A history of Slovakia : the struggle for survival. New York: St. Martin’s Press.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettside Arkivert 2009-03-26 ved Wayback Machine.
- Kart og informasjon
- Panoramabilete