László Bölöni
László Bölöni (fødd 11. mars 1953) er ein tidlegare fotballspelar og seinare -trenar frå Romania. Han var i 1986 med å vinne europacupen i fotball med FC Steaua București.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | László Bölöni | ||
Fødd | 11. mars 1953 (71 år) | ||
Fødestad | Târgu Mureş i Romania | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Royal Antwerp (trenar) | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1970–1984 | Târgu Mureş | 406 | (64) |
1984–1987 | Steaua București | 97 | (16) |
1987–1988 | Racing Jet Wavre | 16 | (0) |
1988–1989 | Créteil | 11 | (2) |
1989–1992 | Orléans | 77 | (4) |
Totalt | 607 | (94) | |
Landslag | |||
1975–1988 | Romania | 102 | (23) |
Trenar for | |||
1994–2000 | Nancy-Lorraine | ||
2001–2003 | Sporting | ||
2003–2006 | Rennes | ||
2006–2007 | Monaco | ||
2007–2008 | Al-Jazeera | ||
2008–2010 | Standard Liège | ||
2010–2011 | Al-Wahda | ||
2011 | Lens | ||
2011–2012 | PAOK | ||
2012–2015 | Al Khor | ||
2015 | Al-Ittihad | ||
2017– | Antwerp | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Spelar
endreKlubbspel
endreBölöni er etnisk ungarar og var frå 1970 til -84 aktiv på topplaget frå heimbyen Târgu Mureş. Perioden 1984-87 spelte han på Steaua, der han hadde ei sentral rolle på midtbana då laget vann Europacupen i fotball 1986. Vinteren 1988 reiste han til Belgia og spelte dei neste fire åra for klubbar på lågare nivå i belgisk og fransk klubbfotball. Bölöni vart kåra til årets spelar i Romania i 1977 og i 1983.
Landslagsspel
endreBöloni deltok i sin fyrste landskamp 4. juni 1975 då Romania på heimebane slo Danmark 4-0 i ein OL-kvalifiseringskamp. 13 år seinare spelte han sin 108. og siste landskamp i Amsterdam, i møtet med den blivande europameisteren Nederland måtte han som kaptein sjå mannskapet sitt tape 0-2. Böloni skåra 25 landslagsmål og spelte alle tre kampane då Romania deltok i EM i fotball 1984.
Merittar
endre- Vinnar av Europacupen: 1986: FC Steaua București
- Seriemeister: 1985, 1986, 1987: FC Steaua București
- Cupvinnar: 1985 og 1987: FC Steaua București
Trenar
endreBölöni har sidan 1994 var lagsjef (trenar) i ei rad fotballklubbar, for ein stor del i Belgia og Frankrike. Han leia i 2002 Sporting CP til liga- og cuptriumf i Portugal, og Standard Liège til ligapokal i Belgia i 2009.
Kjelder
endre- eu-football
- Denne artikkelen bygger på «László Bölöni» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2019.