Lørenbanen
Lørenbanen er ei 1,6 kilometer dobbeltspora T-baneline i tunnel mellom Sinsen stasjon på T-banelina Ringen og Økern stasjon på T-banelina Grorudbanen i Oslo, påbyrja i 2013 og opna for trafikk 3. april 2016. Strekninga trafikkerast med tog som går opp og ned Groruddalen på Ringen og Grorudbanen. I samband med opninga av banen vart det gjort store endringar på heile T-banenettet i Oslo med omsyn til linenummerering og kva for strekningar som vert trafikkert av dei einskilde linene.
Lørenbanen har ein underjordisk stasjon, Løren stasjon, som ligg sentralt til i det tettbygde området med bustadblokker på Løren. Det er rekna med at stasjonen vert ein av dei mest brukte i T-banenettet i Oslo.
-
Løren T-banestasjon under bygging, april 2015.
-
Løren T-banestasjon, perrongar og rulletrapper.
-
Løren T-banestasjon
-
Inngangen til Løren T-banestasjon