59°55′57.871″N 10°47′40.884″E / 59.93274194°N 10.79469000°E / 59.93274194; 10.79469000

Parti frå Løren.
Foto: Helge Høifødt
Kanonhallen fotografert i 2012

Løren er eit strok i bydelen Grünerløkka i Oslo som tidlegare var dominert av industri, kontorverksemder og elles var kjend for militærleiren Løren leir, men som no fyrst og fremst er eit område dominert av bustadblokker.

Militærleiren vart bygd av den [[Noreg under andre verdskrigen|tyske okkupasjonsmakta[[ under den andre verdskrigen, nytta av Hærens våpentekniske korps etter at krigen var slutt, og i 1999 selt for å nyttast til tomter for bygging av bustadblokker. Somme av bygningane frå tida som militærleir er tekne vare på, mellom anna den såkalla Kanonhallen som okkupasjonsmakta bygde for å produsere og vedlikehalde artilleri og tyngre våpen, og som no har vorte omgjort til kulturhus.

Langs sørsida av området går jarnbanelina Alnabanen, ei line for godstog. T-banelina Lørenbanen har stasjon på Løren med namnet Løren.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Løren