Løva frå Nemea, eller Den nemeiske løva (gresk Νεμέος λέων, Neméos léōn, latin Leo Nemeaeus) var eit grusamt monster i gresk mytologi.[1] Løva, som levde i Nemea på Peloponnes, vart rekna for å vera avkom av Tyfon[2] og Ekhidna, som så mange andre monster, men nokre segner fortel òg at løva fall ned frå månen, og var barn av Zevs og Selene. Opphavet er òg tidvis omtalt som Orthos, ein frykteleg hund med to hovud som vakta kjempa Geryons tamdyr.[3]

Herakles drep den nemeiske løva. Detalj frå ein romersk mosaikk i Llíria i Spania
Herakles sin kamp med den nemeiske løva. Måleri av Peter Paul Rubens.

Det første av dei tolv storverka til Herakles var å drepa løva og koma attende med skinnet hennar. Løven hadde terrorisert områda rundt Nemea, og hadde så tjukt skinn at våpen ikkje kunne trenga gjennom det. Sidan ingen våpen verkte, drap Herakles løva ved å køyra armen ned i halsen på henne slik at ho vart kvelt. Gudinna Athene rådde Herakles til å bruka ei av løveklørn til å flå dyret med, ettersom vanlege reiskapar ikkje dugde. Klørne var skarpare enn noko sverd og kunne rispa einkvar rustning. Seinare brukte Herakles løveskinnet som rustning.

Den nemeiske løva vart så send opp på himmelen som stjerneteiknet Løva.

I dag er løver ikkje ein del av gresk fauna. Asiatisk løver var tidleg ein del av dyrelivet i søraustlege Europa. Ifølgje den antikke historikaren Herodot var det løver i Hellas i antikken, men rundt 100 f.Kr. var dei vorte utrydda.[4]

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Apollodoros; Wagner, Richard Anton, red. (2008): Mythographi Graeci, Vol.
  2. Pseudo-Apollodorus: Library 2.5.1
  3. Hesiod: Theogony 327
  4. Schaller, George B. (1972): The Serengeti lion: A study of predator–prey relations. Chicago: University of Chicago Press. ISBN 0226736393.
  • Denne artikkelen bygger på Løven fra Nemea fra Wikipedia på bokmål 2. desember 2018