Lúcio
Lucimar Ferreira da Silva, betre kjend som Lúcio (fødd 8. mai 1978 i Brasília) er ein brasiliansk fotballspelar som spelar som midtstoppar for Inter Milano i italiensk Serie A, og for landslaget til Brasil. Han vart verdsmeister i fotball med Brasil i 2002.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Lucimar Ferreira da Silva | ||
Fødd | 8. mai 1978 | ||
Fødestad | Brasília | ||
Høgd | 188 cm | ||
Posisjon | Midtstoppar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Inter Milano | ||
Nummer | 6 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1996 1997 |
Planaltina Guará | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1997-2000 2001-04 2004-09 2009- |
Internacional B. Leverkusen Bayern München Inter |
50 (5) 92 (15) 144 (7) 52 (2) | |
Landslag | |||
2000- | Brasil | 96 (5) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 4. februar 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 2. juli 2010 |
Lúcio har vorte seriemeistar i Tyskland med Bayern München i 2005, 2006 og 2008 og i Italia med Inter i 2010. Med Inter vann han òg den europeiske Meisterligaen og VM for klubblag i 2010.
Lúcio debuterte for Brasil sitt A-landslag 15. november 2000 i ein VM-kvalifiseringskamp heime mot Colombia. Han skåra det første landslagsmålet sitt 9. februar 2005 i ein privatlandskamp borte mot Hongkong. Han var med i Brasil sin tropp til fotball-VM i 2002, 2006 og 2010. Han spelte frå start i alle Brasil sine kampar i alle desse tre meisterskapa, og etter VM i 2010 hadde han dermed spelt 17 VM-kampar for Brasil. I VM i 2010 var han Brasil sin landslagskaptein.[1]
Fotnotar
endre- ↑ www.fifa.com Arkivert 2012-05-13 ved Wayback Machine. på engelsk