Flytande naturgass
(Omdirigert frå LNG)
Flytande naturgass, også kalla liquefied natural gas (LNG) er naturgass som er kjølt ned så han vert flytande. Gassen er hovudsakleg metan som vert gjort flytande ved nedkjøling til minus 163 °C. Føremålet med dette er å redusera volumet, for å letta transport og lagring. Eit tonn flytande naturgass tilsvarer om lag 1400 kubikkmeter gass. Den flytande gassen vert frakta med spesialskip.
Snøhvit LNG i Hammerfest er det største anlegget i Nord-Europas for produksjon av flytande naturgass.