La Línea de la Concepción

La Línea de la Concepción (ofte berre kalla La Línea) er ein by og kommune i Spania, i provinsen Cádiz i Andalucía. Han ligg aust på eidet i Gibraltarbukta på grensa til det britiske Gibraltar, som han har nære økonomiske og sosiale band med. Byen ligg på ein sandbanke mellom Gibraltarklippa med kysten på austsida av Gibraltarbukta, mellom Sierra Carbonera og Gibraltarklippa.

La Línea de la Concepción
La Línea de la Concepción sett frå Gibraltarklippen
La Línea de la Concepción sett frå Gibraltarklippen
La Línea de la Concepción sett frå Gibraltarklippen
Flagget til La Línea de la Concepción Byvåpenet til La Línea de la Concepción
Flagget til La Línea de la Concepción Byvåpenet til La Línea de la Concepción
Kallenamn
«La Línea»
Plassering
La Línea de la Concepción is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Andalucía
Provins Cádiz
Grunnlagd 20. juli 1870
Borgarmeister Juan Carlos Juarez
Geografi
Flatevidd
 - By

26 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

63 026
  2 424,1 /km²
Koordinatar 36°10′N 5°21′W / 36.167°N 5.350°W / 36.167; -5.350
Høgd over havet 5 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 11300
Nettstad: www.lalinea.es

Byen har fått namn frå línea eller grensa mellom Spania og Gibraltar og frå Jomfru Maria. Innbyggjarane vert kalla linenses.

Gibraltar sett frå La Linea.

Dei første bygningane her går tilbake til 1700-talet, som då var bak den spanske grensa og ein del av kommunen San Roque fram til 1870, då dei vart fråskilde.

Folket i La Línea har tradisjonelt arbeidd i Gibraltar frå dagane på 1700-talet då Gibraltar vart ei viktig hamn. Dette stoppa då den spanske regjeringa stengde grensa mellom 1969 og 1982 som følgje av striden om Gibraltar mellom Spania og Storbritannia under Franco-regimet. Grensa vart opna for fullt i 1985 og mange gibraltarar har igjen flytta til La Línea, der eigedomsprisane og levekostnadane er langt lågare.

La Línea leverer i dag store mengder frukt og grønsaker til Gibraltar. Andre industriar er produksjon av kork, sprit og fiskepostei.

Historie endre

Gibraltar vart erobra av britane under den spanske arvefølgjekrigen i 1704. Innbyggjarane i Gibraltar flytta då bort og grunnla byen San Roque like ved i 1706. I 1713 var krigen over og Spania måtte avstå Gibraltar til britane. Gibraltar var under konstant overvaking og vart fleire gonger omleira av spanjolane, men dei klarte aldri å ta området tilbake. Spanjolane valde å byggje ein festningsby ved grensa til Gibraltar. Bygginga vart sett i gang i 1731 i form av to festningar, Santa Bárbara og San Felipe, ein på kvar side av eidet med ein mur i mellom seg. Denne forsvarsgrensa stod ferdig i 1735 og vart kalla Line Contravalación eller La Linea de Gibraltar. La Línea vart grunnlagd som ein «provisorisk leir» som gav forsyningar til dei militære og familiane deira ved grensa.

Festningane vart øydelagd av britane i 1810 under den spanske sjølvstendekrigen i frykt for at franskmennene under Napoleon skulle ta over området. Sjølv om den fysiske grensa over eidet var øydelagd, voks byen framleis. Etter kvart ønskte innbyggjarane her seg ein eigen kommune og den 17. januar 1870 vart han fråskild San Roque.

Kong Alfonso XIII gav byen namnet La Línea de la Concepción i 1913.

Den 8. juni 1969 gav Francisco Franco ordre om å stenge grensa til Gibraltar. Mange innbyggjarar i La Linea mista då jobbane sine og dette gjekk økonomisk hardt ut over byen. Grensa opna att i 1985.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: La Línea de la Concepción