Koordinatar: 36°07′N 5°21′W Gibraltar er eit britisk oversjøisk territorium som ligg sørvest i Europa. Territoriet har ei 1,2 km lang grense mot Spania og ei 12 km lang kystlinje. Høgaste punkt er 426 m, på kalksteinsfjellet som utgjer mestedelen av Gibraltar. Gibraltar ligg på ein strategisk stad. Gibraltarsundet er eit smalt havstykke over til Afrika. Sundet bind saman Atlanterhavet med Middelhavet.

Gibraltar
   
Flagg Rikssegl
Kart
Status Britisk kronkoloni
Guvernør og øvstkommanderande
Sjefsminister
David Steel
Fabian Picardo
Hovudstad Gibraltar
Offisielt språk Engelsk
Areal

- % vatn

6,7 km²
Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 33 691 (2020)
ca. 5028/km²

Verdsdel Europa
Internet-domene .gi
Tidssone UTC +2
Internasjonal telefonkode +350 (utanom i Spania)
Nasjonalsong Gibraltar Anthem
God Save The Queen

Namnet Gibraltar kjem frå arabisk جبل الطارق Ġabal al-Ṭāriq, som tyder «Ṭāriq-fjellet» (oppkalla etter feltherren Ṭāriq ibn Ziyād). Tidlegare kalla fønikarane det Calpe, ei av søylene til Herakles. I dag er Gibraltar òg kjent som «Gib» eller «the Rock».

Austsida av Gibraltar

Historie Endra

Gibraltar vart overført til Storbritannia frå Spania i 1713 gjennom Freden i Utrecht.

Formelt vart Gibraltar erklært britisk kronkoloni i 1830.

Der er halde to folkerøystingar, i 1967 og 2002, der gibraltararane hadde høve til å røysta om kva land Gibraltar skulle høyra til. Trass i stort spansk press røysta eit stort tal av folket på Gibraltar for framleis å vera under den britiske krona.

Folkesetnad Endra

I juli 2004 hadde Gibraltar om lag 28.000 innbyggjarar frå fleire etniske grupper: Spanjolar, italienarar, engelskmenn, maltesarar, portugisarar, sefardiske jødar og andre. Dei fleste som bur på Gibraltar høyrer til den romersk-katolske kyrkja.

Styre Endra

Gibraltar høyrer til Storbritannia, som formelt vert representert av ein guvernør utpeika av den britiske krona.

Den praktiske lovgjevinga vert fastsett av eit lokalt råd. Rådet har 18 folkevalde medlemmer.

Bakgrunnsstoff Endra

 
Grensa inn til Gibraltar, frå spansk side
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gibraltar